Reknar med fortvilte bønder

Sparebanken Sogn og Fjordane reknar med ekstra pågang frå fortvilte bønder. Det tørre vêret gjer at fôravlingane er mindre enn vanleg, og bønder må slakte ned eller kjøpe fôr. Det kan gå utover økonomien til bøndene, noko banken er førebudd på.