Hopp til innhold

Reknar med å bruke tosifra tal millionar på nytt landsskyttarstemne

FØRDE (NRK.no): Landsskyttarstemnet i Førde kjem til å koste om lag 10,5 millionar kroner. Jobben med å førebu gigantarrangementet er godt i gang.

Christian Rekkedal

STOR JOBB: Leiar Christian Rekkedal og styret bak LS i Førde har ein stor jobb framfor seg. Om to og eit halvt år kjem 5000 skyttarar til Førde.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Sist hadde vi 9,5 millionar kroner i total omsetnad i vår del av budsjettet – altså utanom Forsvaret sin del. I det første utkastet til budsjett har vi no ei ramme på 10,5 millionar, seier Christian Rekkedal.

Han er leiar i hovudstyret for landsskyttarstemnet (LS) i 2017, og er godt i gang med å byggje organisasjon og struktur for det som skal skje i Kråkenesmarka om to og eit halvt år.

Ventar at byen vil vere dobbelt så stor i ei veke

Det er venta at om lag 5000 skyttarar kjem til fylket for å delta på LS. Leiaren reknar med at det vil komme 12.000 tilreisande til Førde.

Innbyggjartalet i byen vil altså bli dobbelt så stort denne veka.

– Ordføraren har kalla dette for Førde sitt OL-arrangement. Det synest eg er eit flott uttrykk. Talet deltakarar på eit vinter-OL er faktisk litt lågare enn på eit LS, smiler Rekkedal.

– Det kan høyrest lenge ut når det er to og eit halvt år igjen. Men vi treng tida, og vi er godt i gang med førebuingane, seier han.

Publikum på Landsskyttarstemnet i Førde 2008

YRANDE LIV: Slik såg det ut under LS i Førde i 2008. Det er venta 12.000 tilreisande når skyttarfamilien kjem tilbake til Sunnfjord i 2017.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Må gjere inngrep for elektroniske feltskiver

Landsskyttarstemnet blir arrangert kvart år, og er eitt av dei største idrettsarrangementa i Norge. Førde har hatt stemnet tre gongar tidlegare, sist så seint som i 2008.

Den gongen fekk anlegget i Kråkenesmarka ei ansiktsløfting. Mellom anna vart det sprengt bort ein bergnabb for å gjere publikumsområdet betre. Slik inngrep slepp ein å gjere denne gongen.

I kva grad er dette eit moderne anlegg?

– Det er moderne, men vi må gjere nokre grep. No skal feltskytinga gå føre seg på elektroniske skiver, og då må vi lage nokre traktorvegar for å plassere ut feltblinkar – og det vil koste oss litt. Og så er det alltid litt oppgradering av intern elektronikk, seier Rekkedal.

Landsskyttarstemnet har fått 800.000 kroner i støtte til arrangementet frå Førde kommune. Fylkeskommunen har gått inn med totalt 500.000 kroner fordel på to år.