Hopp til innhold

Reklamasjonssak vart millionsluk

Ei diger reklamasjonssak har blitt millionsluk for Norgesvinduet Bjørlo.

Norgesvindet Bjørlo på Nordfjordeid

VIKTIG BEDRIFT: Norgesvindet Bjørlo sine fabrikkar på Nordfjordeid har 150 tilsette.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det var for to år tilbake at den økonomiske bomba gjekk opp for verksemda. Ein utanlandsk underleverandør hadde levert frå seg eit produkt som ikkje held mål, og ein stor del av produksjonen over to år hadde blitt råka.

Dagleg leiar ved Norgesvinduet Bjørlo, Roald Starheim, seier dei truleg har tapt 20 millionar kroner på feilen dei siste to åra, men berre fått erstatning for ein mindre del av beløpet.

– Vi vurderte å prøve det rettsleg mot underleverandøren, men ein rettsrunde på kanskje fire til fem år i utlandet mot ein svært stor aktør var ikkje freistande. Vi har etter råd frå advokat valt å bite det i oss, og sjå framover.

Har jobba knallhardt for å rydde opp

Starheim seier dei har hatt to arbeidsteam ute for å drive reklamasjonsarbeid og feilretting.

– Vi ordnar opp utan diskusjon, og eg trur det viser att ute hjå kundane.

Roald Starheim, dagleg leiar i Norgesvinduet Bjørlo

STRI TØRN: Dagleg leiar ved Norgesvindet Bjørlo Roald Starheim skryt av dei tilsette som stod på då det såg mørkt ut.

Foto: Harald Kolseth / NRK

For trass feilen har Norgesvinduet Bjørlo sett omsetningsrekord for fjoråret. I ein marknad med hard konkurranse vinn fabrikken marknadsdelar. Starheim meiner kundane ikkje har snudd ryggen til dei trass problema.

– Feilen har vore godt kjent i bransjen, og eg trur vi har hausta goodwill ute i marknaden for måten vi har rydda opp på. På salssida gjer vi det heldigvis bra for tida.

Omsette for rekordsum

Norgesvindet Bjørlo omsette i fjor for 186 millionar kroner, 30 millionar meir enn året før. Dei to fabrikkane i Eid har vel 150 tilsette, men tapet på reklamasjonsarbeid har bidrege til eit underskot på 3,9 millionar kroner. Også året før gav raude tal i rekneskapen.

Norgesvinduet Bjørlo er ein del av Beverlo konsernet i Eid som eig fabrikkane, sjølve konsernet gjekk i fjor med eit knapt overskot.

Roald Starheim ser no fram til å legge reklamasjonsarbeidet bak seg, og ser lyst på framtida.

– Vi har vunne marknadsdelar, vi har også gjort gode grep når det gjeld produksjonen. All honnør til dei tilsette som har krumma nakken og stått på, sjølv då det såg krevjande ut.