Hopp til innhold

Rekdal sjikanert og trakassert

Aalesunds FK tok første stikk i kvalifiseringa til Eliteserien neste år.

Kjetil Rekdal vart hylla som helt av Stormen, men sjikanert av heimepublikumet.

Kjetil Rekdal vart hylla som helt av Stormen, men sjikanert av heimepublikumet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Med solide 4-1 på Fosshaugane Campus, skal det mykje til for at Sogndal spelar i eliteserien i 2009.

- No er mykje gjort. Sogndal må i alle fall score fire mål. Dei sjansane er ikkje store. Eg vurderer sjansen til å vere 90/10 i vår favør, seier AaFK-trenar, Kjetil Rekdal.

Heller ikkje Rune Bolseth hadde etter kampen stor tru på at Sogndal klarer opprykk til Eliteserien.

Det verste eg har opplevd

Måten heimepublikumet tok i mot Rekdal på, overskygga langt på veg gleda over sigeren. På tampen av andre omgang fekk AaFK-trenaren eit colabeger av papp i ryggen. Heimesupportarane kasta også skjellsord etter han.

- Det er det verste eg har opplevd. Det er andre gang eg har blitt sjikanert og fornærma på det grovaste. Skal det vere slik, fortener dei ikkje betre. Det er straff som fortent at dei blir knust 4-1, seier Rekdal på veg i garderoben.

- Ikkje bra

På veg i garderoben viser heimepublikumet "fingeren" til han.

- Sist gang var det Bjørn Helge Riise og mor hans på Colorline stadion. Eg har opplevd det same her i Sogndal. Sist gang eg var her var foreldrene mine på tribuna. Dei også vart sjikanert. Slik framferd er ikkje bra, seier han.

Arrangementsansvarleg Geir Inge Heggestad i Sogndal Fotball orsakar hendinga . Supportaren som kasta begeret vart vist vekk frå stadion.

Knuste Sogndal

Gjestene frå Aalesund vann etter scoringar av Daniel Arnefjord, Thor Hogne Aarøy, Lukaz Nadolski (sjølvmål) og Diego Silva. Rune Bolseth gav heimelaget håp då han utlikna til 1-1 like etter pause.

- Alt vi gjer er ikkje overbevisande. Kampen er jamn, men vi set sjansane våre. Eg er derimot misnøgd med forsvaret. Vi søv på scoringa til Sogndal. Det er irriterande, seier Rekdal.

Som vålerengaspelar var Rekdal med på å tape kvalifiseringa mot Sogndal i 2001. Då måtte Vålerenga ned i 1. divisjon, medan Sogndal rykka opp i Eliteserien.