Trønderhumor og nytt miljø tende EM-håpet

– Du kan gjennomføre verdas beste treningsprogram fullt og heilt, men utan eit miljø som dreg deg opp og fram, så er nyttelaust, seier Henrik Holmberg.

Henrik Holmberg

HUMOR: – Det er eit godt miljø, med mykje humor, seier Henrik Holmberg (t.h.) om treningsgruppa i Trondheim. Her saman med Ingar Kipleslund (f.v.), Nive Panchalingam, Sunniman og Christian Mensah.

Foto: Privat

Miljøet, som pressar han til å stadig bryte barrierar, fann 29-åringen i Trøndelag.

No er målet klinkande klart: EM 2020 i Paris.

Henrik Holmberg

EM-JAKT: – Det er ein draum og eit stort mål å kome på landslaget på seniornivå og å få delta i ein av dei store meisterskapa. Eg gjer alt for å nå det, seier mangekamputøvaren Henrik Holmberg.

Foto: Privat

– For å klare målet, så måtte eg gi meg sjølv dei beste sjansane. Dei fann eg her i Trondheim, seier Henrik Holmberg.

– Er EM eit realistisk mål?

– Ja. Legg du saman persane i enkeltøvingar, så har eg kring 7.700 poeng. Eg trur du kjem til EM med 7.850 poeng. Eg er på rett veg.

Vurderte å legge opp

Friidrettsutøvaren frå Vik har i alle år drive mangekamp, ein kombinasjon av fleire friidrettsøvingar. Sjølv om resultata har vore gode, har 29-åringen trakta etter meir.

Han har prøvd seg i USA, Bergen, i Sogndal og på eiga hand i Vik. Like over jul stod han ved eit vegskilje – å legge opp eller å gå «all in».

Holmberg valde det siste og knytte seg i mars til Frank Brissach, si treningsgruppe i Trondheim.

Brissach var trenar for Vebjørn Rodal, som tok OL-gull på 800 meter i 1996. Han er også trenar for Ingar Kiplesund som i juni vart første nordmann på 46 år med over åtte meter i lengde.

– Vi er mange seniorutøvarar, og fleire er i noregstoppen i sprint og lengde. Vi har det skikkeleg moro på trening kvar dag, samstundes som treninga er hard og god. Eg trur det er ein farleg miks, seier han.

– Forma kom tidleg

Henrik Holmberg

TIDENES: – Eg gjorde tidleg dei beste testane nokosinne på styrke, spenst og sprint, fortel Holmberg.

Foto: Privat

Miljøet i Trondheim har også gjeve vikjen innpass i Olympiatoppen Midt-Noreg. Satsinga har gjeve resultat.

– Eg starta konkurransesesongen med personleg rekord i første kulestøyt. No har eg persa i diskos og 200 meter, og har tangert persen i fleire øvingar, seier Holmberg.

Til no er det berre 1500 meter og stav han ikkje har konkurrert.

– Forma kom tidleg. Eg trur det berre er starten, legg 29-åringen til.

Europacup i helga

Utviklinga har ikkje gått upåakta hen. I midten av juni debuterte han i dei nasjonale øvingane under Oslo Bislett Games.

Denne helga forsvarer vikjen dei norske fargane under europacup mangekamp i Portugal.

– Ambisjonen er å gjere det betre enn tidlegare, det vil seie å perse. Eg trur på over 7.500 poeng, som vil vere ein pers på nær 400 poeng og eit realt jafs oppover listene, seier han.

Så lenge det er framgang, er plasseringa underordna.

– I mangekamp må ein vere tolmodig for å bli god i alle øvingar. Samstundes har nivået i Europa auka gjennom karrieren mi, seier han.