Hopp til innhold

Reiste på hjortejakt midt i medaljedrama

SOGNDAL (NRK) Ole Jørgen Halvorsen kjempar intenst for sikra Sarpsborg 08 ein smått sensasjonell medalje i eliteserien. Då er det godt å kopla med ei heilt anna jakt.

Ole Jørgen Halvorsen på jakt i Fjærland

GODE JAKTVENER I SOGN: Ole Jørgen Halvorsen rakk ein jakttur i Fjærland før den viktige kampen mot Sogndal, saman med Anders Morken (f.v.), Trym Tufte, Even Meisterplass med sonen Varg i beremeis, og Geir Olav Tveit 

Foto: Gaute Bøyum

– For meg er jakta eit avbrekk frå jag og mas. Det å berre kunna slappa av ute i naturen er veldig allright, seier Ole Jørgen Halvorsen etter å ha pressa inn ein liten jakttur i den vesle bygda Fjærland i Sogn før den viktige bortekampen mot Sogndal søndag.

– Det er ein utruleg flott plass, og eg må berre få takka dei kjekke menneska der som let meg vera med, seier den tekniske midtbanespelaren.

Denne hausten jaktar Halvorsen og Sarpsborg 08 medalje i eliteserien og gull i cupen. Men for østfoldingane sin driblesterke høgrekant fengslar òg ei heilt anna jakt om hausten.

Til Sogn på hjorte- og medaljejakt

Å koma ut i naturen mellom avgjerande fotballkampar er viktig for 30-åringen. Og nettopp fjorden, fjella og det ypparlege jaktterrenget i Sogn var éin grunn til at han treivst så godt då han spelte for Sogndal frå 2009 til 2011:

Ole Jørgen Halvorsen

I KJENT DRIV: Ole Jørgen Halvorsen blei ein publikumsvinnar då han spelte for Sogndal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg blei veldig glad i staden og klubben då eg var her.

Lengten tilbake til haustgule vestlandslier blir ikkje mindre sterk på denne tida av året, når du kan høyra bukkane brøla under fjelltoppane.

Då kan det vera krevjande å sitja «skorfast» på flate Austlandet for ein ihuga jaktmann.

– Ja, då er det litt vondt. Eg skulle gjerne ha vore her meir, men det er hakket for langt unna.

I åra etter sogndalsopphaldet har Halvorsen teke turen over fjell når han har hatt fri, i landslagspausane og etter sesongen.

– Men i år er sesongen så lang, så hjortejakta må venta til desember, seier Halvorsen.

Det er ei forholdsvis kjend sak at mange fotballspelarar flest brukar mykje av tida si mellom treningar og kampar djupt konsentrert framfor tv-spel. Men det finst unntak:

LADAR BATTERIA PÅ JAKT: TV-reportasje av Arve Uglum

Børsa med på kamp

Sogndal og Sarpsborg delte poenga i den høgdramatiske kampen på Fosshaugane søndag kveld.

Halvorsen og Sarpsborg kom til Sogn allereie på fredag og hadde tid å slå i hel både på fredag kveld og laurdag.

Då fekk Halvorsen besøkt vener på Bøyum gods i Fjærland. Der i bygda fekk han servert middag to plassar, og i tillegg fekk han altså vera med på den store lidenskapen sin utanom fotball:

– På kvelden fekk eg sitja ute på hjortejakt. Det blei ingen hjort, men det har like fullt vore ei veldig triveleg helg sjølv om eg gjerne også gjerne skulle ha hatt med tre poeng heim til Østfold.

– Så kva er du best til – hjortejakt eller medaljejakt?

– Så langt har det blitt meir hjort enn medaljar, men eg får håpa det blir medalje i serien og gull i cupen. Og så hadde det vore fint å toppa det heile med ein hjort saman med Even (Hovland, sogndalkaptein og tidlegare lagkammerat) i desember.