Hopp til innhold

Reiste frå Oslo for å sjå Florø-kamp

FLORØ (NRK): Milevis i bil og på tog, samt fire flyturar. Slik var reiseruta då Preben Kielland (52) og Elias Lofnes Græger (26) såg Florø på heimebane for første gong.

Florø fotball supportere, lang reise

GODT HUMØR: Trass i tapet var Preben Kielland (t.v.) og Elias Lofnes Græger (t.h.) imponert over stemninga på stadion i Florø.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Mottakinga vi har fått her er heilt utruleg. Vi har reist rundt på fotballkampar sidan 2007 og aldri opplevd makan.

Det seier Preben Kielland etter at han og Elias Lofnes Græger har sett Florø tapa 1–0 heime mot Arendal. Kielland er støttekontakten til Elias og gjennom åra har dei reist land og strand rundt for å sjå på fotball.

Søndagens kamp var første gong dei to tok turen til Florø, men det heile starta ein junikveld i Mjøndalen.

Lang reise

For då hadde dei bestemt seg for å reisa å sjå Mjøndalen spela mot Florø, ein kamp laget frå Kystbyen vann 4–2. Like bra gjekk det ikkje mot Arendal, men trass i ei lang reise vil dei komme tilbake.

– Heilt klart, og då håpar vi på siger, seier Elias Lofnes Græger.

– Kampen mot Mjøndalen var imponerande og då byrja vi å følge med på Florø og vi leste oss opp. Det dei har gjort med berre ein tilsett og at klubben er drive på dugnad er heilt fantastisk og vi kjem gjerne att, seier Kielland.

For han bur til dagleg i Bærum, men starta dagen i Trysil etter ein 50-årsfeiring i går. Lofnes Græger bur i Drammen, og det gav dei litt av ei reiserute. Begge starta rundt klokka 8.30 søndag morgon og så gjekk det slag i slag.

For som du ser på kartet under viser dei mørkeblå strekane kor dei starta dagen, før dei møttest på Oslo Lufthavn Gardermoen. Derfrå gjekk flyet til Florø med ei kort mellomlanding på Sandane.

Heimturen vart også av det lange slaget, for det einaste som passa var å fly til Bergen, så vidare til Sandefjord. Der måtte dei ta toget til høvesvis Oslo og Drammen.

Reiserute Florø-kamp

God mottaking

Då NRK snakka med duoen etter kampen kom nestleiar i supportergruppa «Stimen», Fredrik Helland, bortom og helste på dei. For mange hadde fått med seg at dei hadde reist langt.

– Vi har blitt tatt godt imot og det har vore utruleg hyggeleg. Stemninga på stadion var heilt fantastisk og det er flott med ein liten stadion med god stemning, seier Kielland.

Og for Lofnes Græger er Florø litt ekstra spesielt.

– Eg har ein fetter som er fetter med Endre Kupen. Derfor har eg følgt litt ekstra med på dei og det er utruleg moro at dei har gjort det så bra, seier han.

Florø har att tre heimekampar i årets sesong og mykje tydar på at duoen vert å finna på tribunen i Florø før sesongen er omme.

Florø supporter, lang reise

NESTLEIAR: Preben Kielland (t.v.) og Elias Lofnes Græger (t.h.) fekk slått av ein prat med nestleiar i supporterklubben til Florø, Fredrik Helland (midten).

Foto: Thomas Brakstad / NRK