Venninner har samla inn 40.000 kroner for å hjelpe Ane med å bli frisk

Ane Fimreite (21) har fått konstatert borrelia på blodprøver i inn- og utland, og må reise til Tyskland for å få behandling. Ei reise som vil koste rundt 100.000 kroner. For å helpe henne starta venninnene ei kronerulling.

Ane Fimreite

GOD TRU: Etter fleire år med sjukdom er Ane Fimreite klar for å bli frisk, med venninnene si hjelp.

Foto: Silje Bråstad / NRK

– Eg er overvelda over responsen det har vore på gruppa. At så mange har engasjert seg og bidrege er eg utruleg takknemleg for, fortel Fimreite.

NRK har tidlegare fortalt historia om keepertalentet Ane Fimreite, som over lengre tid har vore slått ut av sjukdom. Det legane ved Haukeland universitetssjukehus meinte var kyssesjuka, viser seg å vere borrelia.

– Det verste er ikkje vite kva som er gale. Det er ingen som ynskjer å ha borrelia, men eg er eit steg nærare å bli frisk, fortel Fimreite.

Kostnadskrevjande behandling

Kvåle og Fimreite

HÅPAR: Ingvil Loftesnes Kvåle vågar ikkje å ha for høge forventningar når venninna Ane Fimreite reiser til Tyskland for å få behandling.

Foto: Privat

Det var Ingvil Loftesnes Kvåle og Åsa Aaberge som starta Facebook-gruppa som har som mål å samle inn pengar til behandlingsturen.

– Vi ville hjelpe og pengane går til ein god sak, så dette ville vi prøve, fortel Kvåle.

Ho er imponert over responsen, og har blitt kontakta av folk ho ikkje ante kjente til Ane Fimreite og hennar situasjon.

– I dag var det ei dame frå Tyskland som er fotballfotograf, som lurte på korleis ho kunne bidra. Ho har tidlegare teke bilete av Ane. Det viser at fotballfamilien er stor, seier Kvåle.

Fimreite er svært glad for initiativet frå venninnene, sidan reisa vil koste rundt 100.000 kroner.

– Det er kostnadskrevjande, vi har allereie brukt 90.000 kroner, og då har vi ikkje betalt for den siste veka, seier ho.

Fimreite fortel at det har blitt samla inn rundt 40.000 kroner, noko ho er svært takknemleg over.

– Det er utruleg mange som vil hjelpe meg, så eg må berre takke alle saman, seier 21-åringen.

Håpar på betring

Fimreite fekk fyrst beskjed om at ho hadde kyssesjuka. Etter at ho vart friskmeldt viste det seg at prøvene hadde vore falsk positive. Då byrja ho å undersøkje sjølv, og det resulterte i at ho tok blodprøver som vart undersøkt i Noreg og utlandet.

– Det var veldig fint å få beskjed om at eg var friskmeldt frå kyssesjuka, men forma viste ikkje akkurat det. Difor måtte eg halde fram med undersøkingane, seier ho.

Onsdag reiser 21-åring til Tyskland for å få behandling i tre veker. Ho kan ikkje vere sikker på at ho vert frisk, men håpar at den tunge tida vil vere over.

– Ein veit aldri om det er borrelia-behandling som skal til for å få meg frisk. Men det er det einaste eg kan gjere no, så då prøvar eg det. Eg er sjølvsagt spent på korleis det går, og eg blir mest sannsynleg dårleg før eg blir betre. Så eg prøvar å ikkje ha for store forventingar, fortel keepertalentet.

Fimreite fortel at ho må til Tyskland for å prøve behandlinga sidan tilbodet i Noreg er lagt ned. Opphavleg hadde ho fått time i januar hjå den same legen som Lars Monsen har nytta i Tyskland, men ho ville ikkje vente eit halvt år på å kome i gong med behandlinga.

– Eg kom i kontakt med nokre som formidla informasjon med sjukehuset i Tyskland, og eg kom i kontakt med ein lege med 25-års erfaring. Eg trur og håpar han kan hjelpe meg, seier ho.

Vil tilbake til fotballen

Ane Fimreite

SKAL TILBAKE: Ane Fimreite vil tilbake til fotballen, men fyrst skal ho bli frisk.

Foto: privat

Keepertalentet tenkjer ofte på fotball og har veldig lyst til å kome tilbake på sikt.

– Det er klart eg har lyst til å kome tilbake, men no handlar det om å ta tilbake kvardagen, seier Fimreite.

Livet er snudd opp ned for Fimreite, som tidlegare var keeper for Sandviken.

– Eg gjer ting som eg aldri har gjort før. Når eg tidlegare trena ligg eg no på sofaen. Men eg skal bli frisk, seier ho.