Reiser til Stryn i første runde

Sogndal møter Stryn på bortebane i første runde av årets NM i fotball. Stryn tok seg vidare til første runde etter å ha slått ut Førde i den siste kvalifiseringskampen. Dei to andre laga frå fylket som er representert i første runde er Fjøra og Florø, som også spelte mot kvarandre i første runde i fjor. Den kampen gjekk til ekstra omgangar, med Florø som sigerherre. Kampane skal etter planen spelast onsdag 1. mai.