Hopp til innhold

Skal hjelpe ebola-sjuke i Sierra Leone

– Eg skal gravlegge døde og ta hand om dei som er blitt friske. Åge Bøyum frå Lærdal må ha fokus heile tida på å unngå å bli smitta sjølv av ebola.

Åge Bøyum

VIL ALLTID HJELPE: Familien til Åge Bøyum har lært seg å leve med at far i huset vil hjelpe der det trengst mest av alt. No reiser han til ebolaråka i Sierra Leone.

Foto: Mari Aftret Mørtvedt

– Det har vore ein epidemi i Vest-Afrika lenge, det er mange døde og epidemien er ikkje over men den har stabilisert seg. Dei treng framleis masse helsepersonell der, difor reiser eg, seier Bøyum.

Det er gjennom Røde Kors at Bøyum og fire andre onsdag morgon reiser til Sierra Leone som hjelpearbeidar. Han har tidlegare vore i katastrofeområde i Sør-Sudan, Chile, Pakistan, Iran, Rwanda og Indonesia.

Må unngå å bli smitta

No skal han hjelpe ebola-sjuke i Vest-Afrika. Der må han halde eit ekstra høgt fokus på å ikkje bli smitta sjølv.

– Ein må ta førehandsreglar. Eg må vere på vakt heile tida. Men når ein gjer det reknar eg med å ha god kontroll på eigen smittefare.

Lærdølen vedgår at det ikkje akkurat er jubel i heimen kvar gong han reiser ut på oppdrag.

– Kona mi har vel vent seg til det. Men nei, det er ikkje akkurat jubel i heimen. Men dei veit at dette er noko eg brenn for og dei har forståing for det. Men sjølvsagt inneber det eit visst faremoment.

Helsearbeidere i beskyttelsesdrakt

RISIKO: Helsearbeidarar med drakter for å unngå å bli smitta av ebola.

Foto: Baz Ratner / Reuters

Klare arbeidsoppgåver

Bøym er utdanna sjukepleiar og lektor ved sjukepleieutdanninga i Sogn og Fjordane, og har lang erfaring frå Røde Kors sitt internasjonale arbeid.

– Eg meiner sjølv eg kan gjere ein innsats saman med dei andre og difor reiser eg for å vere i landet i ein månad.

Gjennom Røde Kors blir Bøyum godt førebudd på kva som møter han i Sierra Leone. Teamet han reiser saman med skal vere på ein klinikk litt sør i landet med rundt 60 pasientar.

– Her skal vi ta oss av ein del av desse sjuke, og drive førebyggande helsearbeid for å hindre smittespreiing.

– Mi oppgåve vil i hovudsak vere å ta meg av dei som er blitt friske og som skal heim att. Dessutan skal eg syte for at folk som er døde blir gravlagde på riktig måte, for å unngå smittespreiing.

Må takle døden

Sjølv om Bøyum ser og opplever døden på nært hald på slike internasjonale oppdrag, må han vere profesjonell for å takle det han opplever.

– Døden skal aldri vere enkel. Den dagen det blir det kan ein slutte med dette. Ein skal alltid ta den innover seg. Men det må ikkje komme i vegen for engasjementet ein har og dei oppgåvene ein har. Det er ein kombinasjon av dette.

Han finn motivasjon til å ta risikoen ved å reise ut på oppdrag ved å sjå at hjelpa han gir nyttar.

– Eg ser at innsatsen ein gjer kjem til nytte og ein ser at innsatsen ein gjer kjem til nytte. Og behovet for hjelp er jo så enormt stort.

I fjor haust gjekk det ut ein appell frå verdssamfunnet om å bidra med helsehjelp til Sierra Leone. Det gjeld framleis, og behovet for hjelp er framleis er stort. Sjølv om han har lang erfaring frå internasjonale oppdrag er denne reisa ny.

– Dette er noko heilt nytt. Ingen har særleg erfaring med eit så stort utbrot. Utfordringa blir å halde fokus på å ikkje bli smitta sjølv.