NRK Meny
Normal

«Dei store byane ser litt ned på oss bøndene frå Sogn. Då er det ekstra kjekt å ta dei litt»

Hundrevis av Sogndal-supporterar har planar om å støtte laget sitt under skjebnekampen på Brann stadion. Den store draumen er å påføre nok eit storlag ei skikkeleg ripe i lakken.

Vidar Vadseth og Bataljonen

KLAR FOR FIGHT: Vidar Vadseth i Saftkokaradn er klar på at Sogndal-supporterane blir viktige i kampen mot over 16.000 bergensarar på Brann stadion.

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

– Det blir eit nervedrama. Dette er kanskje den mest spennande kampen vi har spelt sidan oktober 2000, då vi hadde Vålerenga i kvalik, seier Vidar Vadseth.

Han er leiar for Saftkokaradn og reiser sjølv til Bergen laurdag føremiddag. Der skal han saman med resten av Sogndal-supporterane lade opp til storkampen på Brann stadion.

– Vi kan jo sende Brann ned ein divisjon på søndag. Det hadde vore kjempeartig om vi hadde klart det, seier Vadseth.

Drøymer om ei ny fjør i hatten

For det ikkje kva som helst slags kamp som blir spelt i Bergen på søndag:

Med berre to kampar igjen å spele, kjempar Sogndal, Brann og Sandnes Ulf om éin kvalifiseringsplass i botnen i eliteserien. To lag rykkjer rett ned.

Og Brann kan ikkje tape mot Sogndal – elles er storklubben ferdig. Det vil skape krisestemning i Vestlandets hovudstad. Sogndal kan derimot få spele i eliteserien også neste år om dei slår erkerivalen. Men dei må gjennom kvalikampar.

– Vi har tidlegare sendt ned Vålerenga i Oslo, så no er det kanskje på tide å sende Brann ned i Bergen. Det hadde vore ei fjør i hatten, gliser supporterleiaren.

DU KAN HØYRE SKJEBNEKAMPEN MELLOM BRANN OG SOGNDAL DIREKTE I 4-4-2 PÅ NRK P1 SØNDAG FRÅ KLOKKA 17:55.

(Artikkelen held fram under videoen)


Nervene er i høyspenn hos fotballsupportere om dagen.
Førstkommende søndag møtes Brann og Sogndal...og i verstefall må begge må lagene si adjø til eliteserien.

TV-SAK: Sjå TV-sak etter sist serierunde.

Likar ikkje «ovanfrå og ned»-haldning

Kampen han siktar til, er den legendariske kampen mot Vålerenga for 14 år sidan. Nest etter cupfinalen mot Brann i 1976, er det kanskje den mest omtalte kampen i Sogndal si historie:

Sogndal hadde hausten 2000 blitt nummer tre i 1. divisjon og skulle møte Vålerenga til kvalifisering om retten til spel i eliteserien. Etter 1–1 i den første kampen på Fosshaugane, var det ikkje mange som trudde på Sogndal-triumf. Men med 2–2 og fleire scora mål på bortebane sende sogningane Kjetil Rekdal & co. ned ein divisjon.

Tommy Øren si heading og utlikning til 2-2 sende Sogndal til «himmels» og ga Vålerenga eit velfortent spark i «ræva». På tribunen sat måpande VIF-VIP´ar og skjøna ingen verdens ting.

sogndalfotball.no

– Dei store byane ser litt ned på oss bøndene frå Sogn. Dei har ei litt «ovanfrå og ned»-haldning. Då er det ekstra kjekt å ta dei litt, seier Vadseth.

850 sogningar mot 16.000 bergensarar

Det er venta at dei siste billettane til borteseksjonen på Brann stadion blir selde i løpet av fredagen. Det betyr at heile seksjonen blir fylt med 850 Sogndal-supporterar på søndag.

Alt tyder på at det blir smekkfullt på stadion. Med over 16.000 elleville bergensarar på plass, må dei kvite og svarte frå Sogn jobbe hardt for å støtte laget sitt.

– Eg trur vi blir utruleg viktige for laget. Vi må gi god lyd frå oss og støtte dei 11 på bana. Eg trur nok dei blir tende av å sjå det store feltet i svart og kvitt – og eg håpar det er med på å hjelpe dei til å ta Brann, seier Vadseth.

– Spelarane gler seg verkeleg

Dei siste dagane har det vore uvanleg mykje merksemd rundt dei to vestlandsrivalane. Kanskje ikkje så uvant for Brann – men langt frå kvardagsleg for Sogndal.

– Dette er heilt klart kampen alle snakkar om. Det er ein kamp alle gler seg til med skrekkblanda fryd, seier Egil B. Mundal.

Han er dagleg leiar i Sogndal, og er blant dei som har ekstra grunn til å vere spent. Det er stor økonomisk skilnad på å spele i eliteserien og å vere i divisjonen under.

Vi kan i teorien overleve sjølv med eit tap. Det er ikkje noko vi tenkjer på, men for spelarane er det sikkert ein god tryggleik å ha i ryggrada når dei førebur seg til kampen, seier han.

– Eg er positivt overraska over spelarane, for det ser ut til at dei verkeleg gler seg til å reise til Bergen. Det er eit godt teikn, meiner Mundal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eirik Bakke, Tor Arne Ness, Håvard Flo og Egil B. Mundal

SPENTE LEIARAR: Sogndal-leiarane Eirik Bakke, Tor Arne Ness, Håvard Flo og Egil B. Mundal følgjer nok kampen mot Brann med ekstra fokus. Her er dei fotograferte under ein kamp i Sognahallen.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Kan ikkje gje frå oss denne sjansen

Arrangementssjef Geir Inge Heggestad trur kampen på søndag er ei happening som svært mange i Sogn gjerne vil ha med seg. Det er få sogningar som ikkje ville like å sjå Sogndal sende Brann ut av det gode selskap...

– Klart det er eit scenario som sikkert triggar folk. Det kan jo skje, og kanskje vil aldri få den moglegheita igjen. Så den sjansen vil vi ikkje gje frå oss, seier Heggestad.

– No er det mobilisering i alle leirar. Og det er jo slik vi som jobbar med fotball gjerne vil ha det – med fulle tribunar og viktige kampar. No får vi begge delar. I tillegg kan vi berge plassen og sende Brann ned. Då er alt klart for eit drama, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune