Hopp til innhold

Reiser ikkje til Finland for å treffe julenissen

– Det er gull vi trenar og løftar for. Det er den beste betalinga ein kan få for hardt arbeid, seier Sindre Rørstadbotnen.

Sindre Rørstadbotnen under EM

JAKTAR MEDALJE: Sindre Rørstadbotnen har personleg 142 kilo i rykk og 187 kilo som personlege stemnerekordar. – Stefan Ågren har 152 kilo i rykk og 190 kilo i støyt, men det er utruleg kva ein får til om ein må, seier naustedølen.

Foto: Trygve Duun / Norges Vektløfterforbund

Kraftpluggen frå Naustdal er ein av fire vektløftarar frå Tambarskjelvar som i helga kjempar om edelt metall i Nordisk Meisterskap.

23-åringen tok bronse i 105-kilosklassa fjor. I år håpar han på ein gullbelagt lønnsslipp i julenissens heimstad, Rovaniemi.

– Eg har eigentleg aldri kjent meg i betre form før ein meisterskap. Sidan EM i april har eg trena alle øktene, kroppen fungerer kjempebra og eg er generelt sterkare. Eg har ei veldig god kjensle, seier Rørstadbotnen.

Trur på medalje

Gunnar Reiakvam og Vebjørn Varlid

GULLHÅP: Vebjørn Varlid (t.h.) og resten av herrelaget til Tambarskjelvar vart nordiske meistrar for to år sidan. – Det set langt inne, men eg håpar vi er med å slåst om den i år også, seier trenar Gunnar Reiakvam (t.v.).

Foto: Oddleif Løset / NRK

I tillegg stiller klubben med Vebjørn Varlid (+105kg), Ine Andersson (63kg) og Tore Gjøringbø (94kg) for første gang som individuell utøvar i meisterskapen.

Trenar Gunnar Reiakvam trur og håpar på edelt metall til klubben.

– Sindre kjempar om medalje, og det kan også Tore gjere. Men den som kanskje er nærast å bli Nordisk meister, er Ine. Ho er i rimeleg god form og har vore veldig god på trening, seier Reiakvam.

Betre enn EM

– Det var litt av eit press, smiler Andersson og vedgår at ho kjenner seg i god form. Etter EM har treningane gått veldig bra, og det ho før opplevde som tunge økter kjennast lettare ut no.

Ine Andersson

GULLHÅP: Ine Andersson har 100 kilo i støyt og 85 kilo i rykk som personlege rekordar. – Det er godt nok for å vere i medaljestriden. Legg ho på to-tre kilo til, som er fullt mogleg, så kan ho bli nordisk meister, seier trenar Gunnar Reiakvam.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

I fjor kom ho heim frå nordisk med sølv.

– Eg føler eg har ein god sjanse på medalje. Men målet er å løfte meir enn eg gjorde i EM. Då fekk eg opp 84 kilo i rykk og 104 kilo i støyt, seier ho og legg til:

– Dessutan har eg lyst på Nordisk elitepremie. Då må eg løfte 189 kilo totalt. Eg bomma med eitt kilo i fjor.

Kjenner på nervane

Tore Gjøringbø

EM-HÅP: Tore Gjøringbø løftar prøvar på EM-kravet i Finland i helga. – Det er innan rekkevidde. Tore har fått opp 170 kilo, men fått det underkjent, seier Gunnar Reiakvam.

Foto: Rune Fossum / NRK

For Gjøringbø handlar det ikkje berre om medalje i helga. Løftar 20-åringen 136 kilo i rykk og 171 kilo i støyt, er han klar for U23-EM.

Fjorårets beste juniorløftar i Norden har personlege rekordar på 135 kilo i rykk og 166 kilo i støyt. Han har siste månadane følgd same treningsopplegg som Rørstadbotnen.

– Eg har vore med på lagdelen før, men kjenner faktisk litt på nervane, seier han.

Vil sette standard

I sitt første nordisk i 105-kilosklassa tok Rørstadbotnen bronse i fjor. Stadig fleire kilo på trening siste tida er god næring for sjølvtilliten.

– For dei som kjenner meg, er ikkje sjølvtilliten eit problem. Gode treningsøkter gjer den ikkje akkurat dårlegare, humrar 23-åringen.

– Kor realistisk er det med gull?

– Stefan Ågren har nokre kilo betre enn meg på rykk, men vi er ganske jamne på støyt. Han skal få det tungt om eg klarer å henge med i rykken. Det er utruleg kva ein kan få til om ein må.