Hopp til innhold

Reiser frå Måløy til Oslo kvar helg for å støtte Jørn

Kvar helg reiser Jeanette og Jan Kvalheim til saman 1154 kilometer for å støtte sonen Jørn som deltek i Idol.

Jeanette og Jan Kvalheim

PENDLAR MÅLØY-OSLO-MÅLØY KVAR HELG: Det har blitt mange og lange turar på nattbussen for ekteparet Jeanette og Jan Kvalheim.

Foto: Johanne Kvalheim

– Det er galskap å reise kvar helg, men det er like mykje galskap å ikkje vere der, seier far, Jan Kvalheim.

Sonen Jørn Trollebø Kvalheim er ein av fem deltakarar som framleis heng med i talentkonkurransen Idol på TV2. På vegen dit har han først konkurrert ut nær 3500 andre håpefulle for berre i det heile tatt kome med i programmet.

Kvar fredag når Jørn entrar scenen i Idol, er foreldra på plass i salen.

– Dette er berre glede, det er berre kjekt å vere med å kunne støtte opp, seier mor Jeanette Kvalheim.

Betyr mykje

For han som står på scenen betyr det mykje å vite at foreldra er i salen.

Jørn Trollebø Kvalheim

IDOL-HÅP: Jørn Trollebø Kvalheim har gode støttespelarar i salen kvar fredag.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Dei er heilt galne, reise så langt. Men for meg betyr det mykje. Det gir ein eigen ro å vite at dei er der, og så får eg checkpoint i salen, som eg kan sjå mot. Så eg er veldig glad for at dei er der, seier Jørn Trollebø Kvalheim.

Han er imponert over foreldra som tar turen kvar helg for å vere med.

– Det er berre kjekt og ein fin oppleving, seier mor Jeanette. Så det må vi ha med oss Dette er sjette helga på rad at vi er i Oslo.

–Det blir mykje køyring?

– Det har blitt mykje buss, det har det, ler ho.

Tøff periode

Like lystbetont har det ikkje alltid vore å pendle til Oslo for familien. For nokre år sidan fekk den eine dottera i familien kreft og måtte til behandling i Oslo

– Då hadde vi eitt år der vi pendla til Oslo når ho fekk behandling. Då var ho tre veker på sjukehuset, og ei veke heime. Og så bytte vi foreldra på å vere med ho i Oslo. Det har gått veldig fint, men det er klart det prega nok dei andre to søskena.

– Det var eit grusomt år, men samstundes så førte det familien endå tettare saman, seier Jørn.

For hans del førte det han også djupare inn i musikken.

– Det var ei tid då eg la veldig mykje av kjenslene mine i musikken, både for å hjelpe meg sjølv og søstera mi. Dette er noko eg har med meg i tankane også i dag når eg syng songar med triste tema.

Fem fredagar igjen

12 desember blir det endeleg avgjort kven som går sigrande ut av årets Idol-konkurranse.

– Eg tar ein fredag av gongen, så få vi sjå kor langt det går seier Idol-håpet frå Måløy nøkternt.

Uansett så kan han vere sikker på at kvar fredag han står på scena i Oslo, så har han to gode støttespelarar i salen.

– Ja, viss vi skulle vere så heldige så gjer vi det, seier mor Jeanette. – så lenge han er med, så må vi og vere med.