- Det vitnar om ein måte å omgås med kollegar og medarbeidarar på som eg synes er hårreisande, seier han.
Lærdal Sjukehus
Ikkje blitt spurt
I går føreslo Helse Førde å samle ortopedi i Førde og Nordfjordeid. Dersom helseføretaksstyret komande torsdag følgjer tilrådinga frå administrerande direktør Jon Bolstad, opererer Jellestad og dei to andre ledd- og beinspesialistane dei siste pasientane dei føler seg plikta til å behandle, før dei i løpet av eit par månader avvikar aktiviteten.
- Parallelt med at vi no nærmast står utan jobb, er det tilsett to nye ortopedar på Nordfjordeid. Vi er ikkje blitt spurt i det heile teke om vi kunne tenkje oss å gå inn i ein slik opprustning av fagmiljøet på Nordfjordeid. Eg og mine kollegar er djupt frustrerte, og eg kjem til å flytte når dette vert vedtele, seier Jellestad.
- Ført bak lyset
Helse Førde har hatt store vanskar med å rekruttere ledd- og beinspesialistar til Lærdal sjukehus. Men berre seks månader etter at helseføretaket greidde å få tak i Hjellestad og lokka med at han skulle få byggje opp den ortopediske aktiviteten i Lærdal, føreslær dei å samla dette behandlingstilbodet til Førde og Nordfjordeid. - Eg føler meg ført bak lyset, seier Jellestad.
Jan Birger Moe
- Annan strategi
Personaldirektør i Helse Førde, Jan Birger Moe, seier han håpar Helse Førde har plass til dei dyktige ortopedane i den vidare organisasjonen. Så han håpar dei blir. Han beklagar det som skjedde med Jellestad. For når den prosessen starta var det ein annan strategi som var lagt opp med ortopedi i Lærdal. Så endra føresetnadene undervegs, seier han.