NRK Meny
Normal

Reiser til Tallinn for å selje inn EM-søknaden

Torsdag set Stian Grimseth og Tom Farsund seg på flyet til Tallinn. Dei skal setje inn ein siste støyt før avgjerda om EM i vektløfting blir teken.

Stian Grimseth 4

STERK I TRUA: Stian Grimseth har stor tru på at EM i vektløfting om knappe tre år, skal arrangerast i Sunnfjord.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Vi reiser til Tallin for å gå gjennom den endelege søknaden i forhold til å arrangere EM i vektløfting i 2016. Det gjeld arrangementslokala i Førde, treningshallen i Naustdal og overnattingskapasiteten, seier Stian Grimseth.

Naustedølen har sjølv vore aktiv vektløftar og har delteke i ei rekkje EM og VM. No håper han europameisterskapen om tre år kan bli på heimebane. Saman med leiar av søknadskomiteen Steinar Kvame og Tom Farsund i FinDriv AS frontar han EM-søknaden.

Men det er mykje som skal på plass. Først må dei få arrangementet og det blir mest truleg avgjort på eit møte i Tallinn fredag.

– Vi håper og trur det blir avgjort. Vi skal bruke torsdag kveld og fredagen på å overtyde dei om at vi har den beste søknaden, seier Grimseth.

Ein sterk konkurrent

Den einaste konkurrenten er Slovakia som har fordelen av at idretten er stor i Aust- og Sør-Europa.

– Det er sterke tradisjonar for vektløfting i dei landa. I tillegg har dei mange medlemmer i styret som tek avgjerda. Vi har nok ein tøff konkurrent, men meiner vi har eit godt konsept. Dette skal vi få til på beste vis.

Kostnadsnivået er lågare i eit land som Slovakia enn i Norge. Det stiller store krav til at Tambarskjelvar må hente inn mykje i sponsorpengar.

– Dette er ei utfordring for oss som arrangør. Det ligg inne ein fast pris i euro for kvart døgn, og den er relativt lik om meisterskapen blir arrangert i Norge eller Slovakia. Når vi veit prisnivået på hotell og mat i Norge, så er det klart ei utfordring. Vi er avhengige av godt sponsorarbeid, seier han.

Har med støtte frå ordførarane

I august hadde arrangøren i Tambarskjelvar besøk av visepresident Benny Johansson i det Europeiske vektløftarforbundet. Han fekk ei omvising for å finne ut om det som trengst kjem til å vere på plass.

Med seg til Tallinn har Grimseth og Farsund ein del stadfestingar frå idrettsforbundet og ordførarane i Førde og Naustdal.

– Der står det at dei er positive og støttar opp om arrangementet. Vi skal vise at vi kan lage ein skikkeleg vektløftarfest i Sunnfjord om tre år.

Det meste i forhold til logistikk er på plass, men alle avtalar er ikkje klare. Dei har lagt opp til meisterskapen skal arrangerast i byrjinga av mai, noko passar godt for hotella.

3500 hotelldøgn

Om Sunnfjord får EM i 2016, betyr det at om lag 300 utøvarar og eit støtteapparat på 200 inntek Førde og Naustdal. Dette betyr 3500 hotelldøgn. I tillegg kjem mange som vil sjå på dei sterke utøvarane.

Ein meisterskap vil også bety mykje for marknadsføring av regionen. EM i vektløfting blir nemleg sendt direkte på Eurosport.

– Det er eit omfattande arrangement. Vi reknar også med ein del tilreisande utanfrå fylket. Det er mange om bur i Norge, men som har tilknyting til landa som har dei sterkaste og beste utøvarane.

– Kor stort er det for Tambarskjelvar om de får EM?

– Det er utvilsamt det største arrangementet vi har hatt. Vi har erfaring med mange nasjonale meisterskap, men ikkje så omfattande som eit EM er. Dette vil bli eit kjempeløft for oss om vi får dette til. Eg tykkjer det er spennande og det gir meg mykje energi å jobbe med dette.

– Kor spent er du før avgjerda fredag?

– Det er alltid stor spenning. Vi meiner vi har ein veldig god søknad og håper dei tek den rette avgjerda. Eg er sikker på at om vi får EM, så blir det eit flott arrangement for heile Sunnfjord, seier Grimseth.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser