Prisane vart delte ut på Norsk Reiselivskonferanse i Bergen. Reisemål Stryn og Nordfjord fekk prisen for utvikling av Nordfjord Vandrefestival og Aurland og Lærdal Reiselivslag for informasjonsmateriellet sitt.
Kari-Ann Kaspersen Wemby, Beate Vik Hauge og Ann-Helen Blakset tok mot prisen på vegner av Reisemål Stryn og Nordfjord. Privat foto
- Unikt, modig og spennande
Nordfjord Vandrefestival går over ni dagar med tilbod om 26 ulike turar med lokale guidar. Dette meinte juryen var unikt, modig og spennande. - Dette kan i seg sjølv bli ei årsak til at folk kjem til Nordfjord, og ikkje noko dei berre får med seg når dei likevel er her.
- Tidsrett, enkel og slitesterk
Når det gjeld informasjonsmateriellet til Aurland og Lærdal Reiselivslag seier juryen at den grafiske profilen er tiltalande, logoen er tidsrett, men enkel og slitesterk, og det er dramatiske foto som viser natur og opplevingar.
Heider til Hyllestad
I tillegg til gullprisen vart det heiderleg omtale til Åfjordstein i Hyllestad, som har laga til ein steinhoggarleir.