Hopp til innhold

Reiselivsmuseet får 47 millionar

- Dette er ein god nyheit for alle som har kjempa for dette, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

Balestrand og Dragsvik frå Bruhjellstølen
Foto: Bjørn Skanke Sande

I dag vart det kjent at regjeringa løyver 47 millionar kroner til museet.

Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete

Foto: Gerd Elise Martinsen / NRK

Fekk det som mangla

Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys

Heidi Grande Røys

Foto: Knut Falch / Scanpix

Kvart på ti i dag kom stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) og fornyingsminister Heidi Grande Røys (SV) med nyhenda om at det vert løyvd pengar til museet.

Samferdsleministeren sender sine gratulasjonar til Balestrand.

- Dette er ein gledens dag, og eg vil gratulere dei som har arbeidd med dette, seier Liv Signe Navarsete (Sp).

Nasjonalt prosjekt

Bygget skal vere på 1500 kvadratmeter, og det er teikna av Askim og Lantto arkitektar.

Reiselivsmuseet er eit nasjonalt prosjekt, der målet er å dokumentere reiselivet, og korleis det har endra seg frå hest og kjerrestadiet til i dag.


Ferdig i 2011

Ingrid Heggø.

Ingrid Heggø

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Navarsete meiner dette syner at det er mogleg å få til noko når ein jobbar saman.

- Dette viser at det er mogleg å jobbe lokalt og regionalt, samstundes som vi som sit sentralt får makt og mynde, og at det gjev resultat.

47 millionar var summen som mangla for at Statsbygg kan starta byggjinga. Frå før er Balestrand kommune og fylkeskommunen til saman inne med 20 millionar kroner i prosjektet.

Etter planen skal museet stå ferdig i 2011.