Hopp til innhold

Reiselivsgigant: Turistskatt berre i turistmagnetar

FLÅM (NRK): Turistboomen har skapt forsøpling over heile landet i sommar. Løysinga er ein kommunal turistskatt der presset er størst, meiner Fjord Norge.

Turistar ved Flåmsbana

TURISTMAGNET: Populære Flåmsbana selde 140.000 fleire togbillettar i 2016 enn året før, og turistauken held fram i år.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dei reisemåla i landet som har eit stort turisttrykk og treng inntekter til toalett- og søppelhandtering, kan finna nye inntektsmodellar som kan betala for desse fellesgoda, seier Kristian Jørgensen i Fjord Norge, den store reiselivsorganisasjonen på Vestlandet.

Kristian Jørgensen

JA TIL TURISTSKATT: Direktør Kristian Jørgensen i den store reiselivsorganisasjonen på Vestlandet, Fjord Norge

Foto: PRIVAT

Ein av desse turistmagnetane, som Jørgensen har i tankane, er fjordbygda Flåm i Aurland. Dit kjem mellom ein halv og éin million turistar kvart år for å mellom anna ta den vidgjetne togturen opp dei bratte kleivane i Flåmsdalen.

Men ikkje alt har gått på skjener i turistkommunen i Sogn denne sommaren. I ein periode i juli møtte langvegsfarande turistar stengde toalett på det populære utkikkspunktet Stegastein over Sognefjorden. Og rundt flaut dopapir etter reisande som hadde søkt ly i naturen.

Også i Lofoten og andre plassar i landet merka dei forsøplinga.

Mobiltoalett på Stegastein

EKSTRA-DO: Statens vegvesen måtte i sommar setja opp eit mobilt toalett ved det nasjonale turistpunktet Stegastein. Dei andre arkitektdesigna toaletta gjekk tette.

Foto: Noralv Distad

Regjerings-nei

Fleire har peikt på ein nasjonal turistskatt som løysinga på søppel- og toalettproblema, men Regjeringa og NHO Reiseliv har sagt nei.

Fjord Norge-direktøren var lenge for nasjonal turistskatt, men no har han endra meining: Berre kommunar med ekstra stort turisttrykk bør krevja betaling frå reisande som brukar til dømes toalett og parkeringsplassar, som i Aurland:

– Dei fleste som vitjar Stegastein, er òg innom Flåm. Dersom dei betalte for å bruka toaletta og parkeringsplassane der, kunne inntektene brukast på toaletta på Stegastein.

Turistar i Flåm

MINNE FRÅ NOREGSFERIEN: Flåm har ei av dei mest besøkte cruisehamnene i landet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Byråkratisk og lite effektivt

I Flåm er dei offentlege toaletta reine og gratis for turistane. Slik vil Aurland-ordførar Noralv Distad (H) òg ha det i framtida.

I turistkommunen greier dei no ut kommunal turistskatt, ei parkeringsavgift slik Fjord Norge-direktøren foreslår, men ordføraren er skeptisk:

Offentleg toalett i Flåm

GRATIS: Dei offentlege toaletta i Flåm.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg er usikker på om avgifta vil gi nok pengar når me har trekt frå administrasjons- og innkrevjingskostnader.

I Aurland brukar kommunen over 400.000 kroner kvart år på å driva offentlege toalett. Dei har prøvd å ta betaling, men det gav lite pengar.

Ordførar er redd ekstra avgifter vil skremma turistane, som gir arbeidsplassar og folketalsvekst i kommunen.

Noralv Distad, ordførar i Aurland

SKEPTISK TIL TURISTSKATT: – Noreg er eit høgkostland, og endå høgare prisar vil dempa reiseaktiviteten. No har me ein gunstig kronekurs, men for ikkje mange år sidan var det heilt annleis, seier ordførar Noralv Distad (H) i turistkommunen Aurland.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Look to Normandie

– Elles i verda skremmer turistskatt slett ikkje turistane. Nyleg vitja eg tidevassøya Mont Saint-Michel i Normandie, som har tre millionar gjester kvart år. Dei har bygd ein enorm parkeringsplass med ei avgift på 100 kroner. Inntektene blei brukt på fellesgode. Slik må òg me kunna tenkja, svarar Jørgensen.

I Flåm har Tu Tran frå Belgia har parkert leigebilen ved Flåm stasjon. At parkeringa er gratis, overraskar turisten. Han ville ha kome sjølv om han måtte betala:

– Dette er det fyrste landet der dette er gratis. Overalt elles må du betala, så eg trur dei fleste vil betala, fordi dei er vande med det.

Tu Tran, turist i Flåm

IKKJE SKREMD: Turist Tu Tran ville ha kome til Flåm sjølv om han måtte betala parkeringsavgift.

Foto: Noralv Pedersen / NRK