Hopp til innhold

Reiselivet må punge ut

Reiselivet i Nordfjord må bidra meir økonomisk for å få eit sterkt reiselivsselskap. I dag er det kommunane som står for store delar av budsjettet til Reisemål Stryn og Nordfjord.

Marita Lindvik

FLEIRE MÅ BIDRA: Marita Lindvik er dagleg leiar i Reisemål Stryn og Nordfjord.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Også andre næringar vil måtte vere med å dra lasset framover, seier dagleg leiar Marita Lindvik.

– I det nye styret kjem vi og til å jobbe mot andre næringar. I Reisemål Stryn og Nordfjord er tyngdepunktet på det offentlege og næringa er lite representert. Denne trenden må vi sjå på og snu.

Reisemål Stryn og Nordfjord MÅ styrke dei økonomiske musklane sine. Generalforsamlinga sa tysdag nei til samanslåing med selskap på Sunnmøre, men endringar tvingar seg fram likevel. Tilgang på offentleg finansiering tørkar inn – og fleire uttrykte uro for pengemangel under generalforsamlinga.

Gunvald Ludvigsen

ALLE SKAL MED: – Ingen kan vere gratispassasjerar, seier venstrepolitikar Gunvald Ludvigsen

Foto: NRK

– Det er ingen som har lov til, og rett til å vere gratispassasjerar her. Alle må bidra, seier Ludvigesen.

Og med alle meiner Gunvald Ludvigsen frå Eid kommune, også verksemder som ikkje opplagt er tilknytt reiselivsnæringa.

Frir til feire næringar

Dagleg leiar Marta Lindvik seier dei også vil be anna næring om å bidra.

– Til og med bensinstasjonar tener på at turistane kjem til Nordfjord, seier Lindvik.

Kommunane i Nordfjord bidreg no meir enn det som er normalen i liknande destinasjons-selskap. Til dømes betalar Eid kommune årleg over 200.000 kroner i kontingent. Leiar for handelsstanden i Eid, Oddvin Hansen held døra open for reiselivsselskapet, men seier dei konsentrerer seg om lokale aktivitetar.

– Vi kjem nok til å ha fokus på prosjekt som «Sagastad» som er utruleg spanande for Nordfjordeid sin del. Også å sette opp til dømes Harpefossen og andre lokale ting som kan bidra til auks aktivitet i vår kommune.

Investering i framtida

Richard Grov ved Alexandra Hotel i Loen fekk stoppa fusjonen med Sunnmørs-selskapa. Han innser at det betyr større bidrag frå dei.

Richard Grov

STOPPA FUSJON: Direktør Richard Grov ved Alexandra Hotel i Loen.

Foto: Haakon Blaauw / NRK

– Vi er villige til å sjå på vår innsats, vi ser på dette som ei investering i framtidige inntekter.

Planane om samanslåing med vart stoppa av eigarane i generalforsamlinga tysdag. Men uansett må Reisemål Stryn og Nordfjord endre seg.