Han fryktar mangelfull satsing kan føre til færre turistar og nedgang for reiselivet.
Langt frå nok
Nærøyfjorden og andre turistmål blir for dårleg marknadsført. Arkiv NRK.
- I dag blir det brukt kring 100 millionar kroner over statsbudsjettet på marknadsføring av Noreg som eit reiselivsland. Det er langt unna det vi treng for å nå fram til dei marknadane der vi vil hente kundane våre. Vi kan gjerne ha flotte produkt, men dersom ingen veit om dei, så får vi ikkje seld dei, seier Gullaksen.
Viktig for distrika
Gullaksen peikar òg på at mange av reiselivsverksemdene er store distriktsarbeidsplassar.
- Dersom ein tek distrikta på alvor er ein oppteken av å ha arbeidsplassar ute i vårt langstrakte land, seier Gullaksen.