NRK Meny
Normal

Reiselivet fryktar svikt i besøkstala frå Japan etter katastrofen

Reiselivet på Vestlandet fryktar det vil bli ein markant svikt i besøkstala som følgje av naturkatastrofen i Japan.

Øydeleggingar i Kesennuma, Kristian Jørgensen

STORE ØYDELEGGINGAR: Biletet som er teke frå lufta i Kesennuma viser vrakgods så langt ein kan sjå. Adm. dir i Fjord Norge, Kristian Jørgensen er uroa for kva katastrofen vil ha å seie for japanske turistar.

Foto: Itsuo Inouye/Fjord Norge / Ap

- Det som har skjedd vil nok prege japanarane sitt reisemønster, seier administrerande direktør, Kristian Jørgensen i Fjord Norge.

Enorme øydeleggingar etter jordskjelv

Fredag vart Japan råka av eit jordskjelv som målte 9 på Richters skala. Etter jordskjelvet trefte ei tsunamibølgje store deler av kysten nordaust i landet, og øydeleggingane er enorme.

I tillegg er det stor uro knytt til eksplosjonane ved atomkraftverket i Fukushima.

- Dette vil merkast i Norge

Den enorme naturkatastrofen vil også merkast i reiselivsnæringa i Norge, trur Kristiansen. Han understrekar at dei først og fremst tenkjer på dei som er råka av katastrofen.

- Først og fremst er vi opptekne av korleis Japan kjem seg ut av dette, men dette er noko som vil merkast for oss, seier Jørgensen som er direktør i Fjord Norge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oversvømmelse i Kesennuma

RÅKA AV TSUNAMI: Naturkatastrofen i Japan aukar for kvar time, og det vil truleg koste tusen milliarder norske kroner å byggje opp at dei øydelagde områda.

Foto: Ap

- Japanske turistar er veldig viktige

Fjord Norge er ei reiselivssamanslutning som omfattar Vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Her har japanske turistar blitt ei stadig viktigare målgruppe. Berre i fjor stod japanske turistar for 130 000 gjestedøgn på Vestlandet.

- Japanske turistar er veldig viktige for oss. Med det er dei vår sjette største marknad, forklarar Jørgensen og legg til:

- Det er mykje betre butikk med japanske gjestar enn til dømes tyske. Japanarane legg att betydeleg mykje meir enn andre turistar som kjem til Norge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kviknes hotell

URO: Direktøren ved eit av dei mest tradisjonelle turisthotella på Vestlandet, Kviknes Hotell i Balestrand, er uroa for at japanske turistar ikkje skal kome til Norge.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Vi er heilt klart uroa

Kviknes Hotell i Balestrand er eitt av dei største og mest tradisjonsrike turisthotella på Vestlandet. Også her ser hotelldirektøren grunn til uro.

- Japan er ein veldig viktig marknad for mange bedrifter, inkludert oss. Vi er heilt klart uroa i forhold til kva som vi skje med besøkstala frå Japan, seier hotelldirektør Sigurd Kvikne.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.