Hopp til innhold

Reisefølge er trygge etter dramatiske timar

Først tilbake på hotellet gjekk det opp for sogndølen Jan Inge Fardal kor nær han var skytedramaet i Las Vegas.

Innesperra

KONFERANSEROM: I fleire timar måtte reisefølget halde seg i eit konferanserom.

Foto: JOAR HOEL LARSEN / NRK

– Då eg kom på rommet gjekk det opp for meg at dette har vore sterkt. Vi har vore i området der folk sprang for livet, seier redaktør for Sogn Avis, Jan Inge Fardal.

Redaktøren er på tur saman med kring 50 personar saman med selskapet Fotefar temareiser. Reisefølget var berre eit par hundre meter frå skytedramaet i Las Vegas. Då dei sat på ein restaurant kom ein person skrikande. Kort tid etter kom eit kjærastepar frå Arizona som sprang inn på restauranten for å søkje ly.

– Dei hadde sett på nært hald det som skjedde. Det dei fortalde var utruleg sterkt. Paret sprang opp gata og kasta seg ned når dei høyrde skot. Dei kom inn til oss, så blei alt stengt og ingen kom ut eller inn, seier Fardal.

I fleire timar var Fardal og reisefølget evakuert til eit konferanserom. Ute skjedde den verste skytemassakren i nyare amerikansk historie.

– Vi skjønte at det var nær oss. Det gjer noko med deg, seier han.

Heimreise på tysdag

Fotefar temareiser er letta over at alle er i tryggleik på hotellromma sine.

– Situasjonen er under kontroll. På tysdag er det heimreise med buss til Los Angeles og fly tilbake til Norge, seier medeigar i Fotefar temareiser, Yngve Sunde.

Det var nokre tøffe timar for reiseverksemda frå Sogn.

– Det er ein vanskeleg situasjon for oss å vere så langt vekke. Vi har hatt kontakt med kundane våre heile tida, seier Sunde.