Hopp til innhold

Reisande kritisk til ferjeinnstilling

– Klokka 1930 var det blikstille på fjorden, men ferja innstilt på grunn av uvêr. Eg har aldri opplevd makan, seier Olav Magne Dyrdal.

Stille på Sognefjorden

STILLE: Det var stille på Sognefjorden i 1930-tida, men sambandet var likevel innstilt.

Foto: Olav Magne Dyrdal

Dyrdal var søndag ein av mange som vart sitjande i timevis og vente på ferja på Mannheller.

– Då vi kom i 19-tida var det ein del vind, men det løya ganske fort, seier han og fortel at han ofte følgjer ferja over Sognefjorden.

Venta sidan 1530

Fjord1 innstilte ferjesambandet på grunn av sterk vind. Etter ein prøvetur like over klokka 20, vart sambandet opna att.

Rett nok med ei ferje, då «Sogn» er ute av drift grunna tekniske problem. Dyrdal er på veg frå Hafslo til Nærøyfjorden i Aurland då NRK snakkar med han i 2030-tida.

Ferjesambandet Mannheller - Fodnes på riksveg 5 er mellombels innstilt.

SJÅ VIDEO: Slik var vindkasta ved Fodnes tidlegare i ettermiddag. (FOTO: THORILD BRUDVIK)

– Vi venta her i to timar, og må sikkert vente ein time til før vi kjem oss over. Det er dei som har stått her sidan halv fire. Det vart litt ampert i køen her då det var heilt stille ute på fjorden og ikkje eit vindpust, seier Dyrdal og prisar seg lukkeleg for at dei ikkje har borna med på turen.

Kraftig vind

– Vi stolar på våre erfarne kapteinar, som vurderer situasjonen frå minutt til minutt, seier Kjell Ove Høidal og viser til kastevindar på 30–35 meter i sekundet då sambandet vart innstilt.

– Det er kraftige vindkast. Vi kan ikkje ta sjansen på at det kjem eit slikt når vi skal legge til kai. Då går ferja rett i fjæresteinane, legg han til.

Ferjesambandet går med ei ferje til måndag morgon, då blir ei ferje frå trekantsambandet Dragsvik - Hella - Vangsnes sett i rute.

Fått nokre telefonar

Vaktoperatør Ketil Molvær hos Vegtrafikksentralen i Lærdal har hatt ein hektisk dag på jobben. Spesielt har problema i Aurland ført til mange telefonar. Ikkje fullt så mange telefonar har det kome grunna innstilte ferjer.

– Vi har hatt veldig lite telefonar som går på ferjesambanda, men det har vore frustrerte bilistar lurer på kvifor ferjene står og tykkjer dei kom for seint i gang att, seier Molvær.

I Aurland går trafikken no fint etter at både forureining og motorhavari førte til stengde tunnelar.

– Vi var oppe i åtte kilometer kø, frå Fretheimstunnelen og like til Nyheim, seier Molvær.