Det er ikkje ein vanleg dyreflokk som går rundt innafor gjerda på ein gard i Masdalen. Ein flokk på 21 reinsdyr er henta frå tamreinlaget i Sør-Norge, og frakta over fjellet for å setjast ut i ein ny fjellheim i Sunnfjord. Det er ikkje kvar dag reinsdyr er på biltur, men turen har gått fint, med rolege passasjerar i baksetet.
Tre flokkar frå før
Sunnfjord Reinsdyrlag har til saman tre flokkar med rein, i ulike fjellområde frå Jølster og heilt ut til kysten mot Askvoll. Den fyrste flokken vart sett ut i 1970. No skal dyra i desse flokkane få selskap av artsfrendar. Men først må dei få blå merke på øyrene og vaksine.
Rein (Foto: Svein Ove Hansli, NRK)
Passar seg mot sjukdom
For sjølv ville reinsdyr går nødvendigvis ikkje fri for sjukdomar. Og for å vere sikre på at dei ikkje tar med seg smitte inn i flokkane, er sprøyta obligatorisk. Med godt tak i geviret på dyret, gjer veterinæren og karane i reinsdyrlageret dyra klare til å innta fjella i Sunnfjord.
Jaktklare til hausten
Reinsdyrlaget har idag i overkant av 100 dyr på områda sine. Dyra som no setjast ut vil forhåpentlegvis få opp dette talet, før jakta neste år. 20. august kvart år startar jakta, og ho varar ut september. Dei siste åra har reinsdyrlaget tatt ut 13 dyr, men i haust vart det berre 11. Til neste år kan det bli auke i avskytinga, med nytt blod i flokken.
Ut i friheit
Etter at dyra er merka og vaksinert, blir dei plassert i tilhengjarar som vanlegvis brukast til hestetransport.
Etter ein lang og humpate køyretur er dyra vel framme på fjellet, der dei sleppast ut.
- God tur, helsar karane i reinsdyrlaget, før dyra spring ut til eit nytt liv i Sunnfjordfjella.
Endeleg ute i friheit (Foto: Svein Ove Hansli, NRK)