Hopp til innhold

Reinhaldarar tekne ut i streik

Etter at det i natt vart brot i forhandlingane mellom Arbeidsmandforbundet og NHO Service er 150 reinhaldarar i Sogn og Fjordane tekne ut i streik.

NHO Service meiner reinholdsstreiken kan vare i det uendelege om ikkje reinhaldarane firar på krava sine.

Distriktssekretær i Norsk Arbeidsmandsforbund, avdeling vest, Jarle Dalberg seier tilbodet frå arbeidsgjevarane er urimelig.

- Grunnen til at vi streikar er at tilbodet vi har fått frå arbeidsgjevar ikkje er godt nok. Dei vil nærast ha oss ned i lønn, noko vi ikkje kan akseptere, seier Dalberg.

- Kva krav er det de meiner ikkje vert innfridd?

- Det er kravet om garantilønna som vi har i forhold til industriarbeidarlønna, forklarar Dalberg.

Han seier dei i dag har ein garanti på 85 prosent, og at dei no krev meir.

- Kravet om 85 prosent har stått i ro i 20 år. No vil arbeidsgjevaren vår ta vekk heile kravet i stadenfor. På den måten vil reinhaldaryrket sakke akterut i forhold til andre lønsgrupper i samfunnet. Det meiner vi er urimeleg, seier Dalberg.

Totalt er det vel 1500 reinhaldarar i Norge som no er tekne ut i streik.