NRK Meny
Normal

Rein trur han er leiar for saueflokken

Her har Rudolf funne seg godt til rette – midt blant sauene!

Reinen i saueflokk mellom Øvre Årdal og Tyin

NYE VENER: Reinen har teke ansvar for å passe på saueflokken i fjellområda mellom Øvre Årdal og Tyin.

Foto: Sverre Pedersen

– Det verkar som han trivst godt. Det er nesten som om han passar på dei. Då eg var bortom for å ta bilete, sprang han liksom rundt og ringa inn saueflokken, ler Sverre Pedersen.

Han er på hytta ved Torholmen mellom Øvre Årdal og Tyin, og sat på verandaen med ein kopp kaffi då han fekk auge på den litt uvanlege saueflokken.

Rein i saueflokk mellom Øvre Årdal og Tyin

LANGS VEGEN: Her langs vegen stoppar bilistane opp for å ta bilete av reinen som har funne seg nye vener.

Foto: Sverre Pedersen

– Eg såg liksom ein sau med litt annan farge på, og tenkte at det sikkert var ein sau som hadde vore oppi noko gjørme eller noko. Men då eg tok fram kikkerten, såg eg at det var reinsdyr, seier han.

Pedersen er ikkje den einaste som har oppdaga reinen som har funne seg ein ny flokk. Utover dagen har mange nysgjerrige bilistar stoppa opp for å kikke på dyra.

– Det er eit spesielt syn. Eg har aldri sett noko slikt før, seier hytteeigaren.

– Eg har hatt denne hytta i mange år. på 50- og 60-talet var det tamrein her, men det er det ikkje no lenger. Så eg veit ikkje kvar denne reinen kjem frå. Men artig er det, seier Pedersen.

Rein midt i saueflokk mellom Øvre Årdal og Tyin

SPESIELT SYN: Det er tydeleg at sauen har akseptert reinen som ein del av flokken.

Foto: Sverre Pedersen
Vegopning på Bergum i Førde kommune