Hopp til innhold

Reiarlaget: – Vi avviser påstandane om sosial dumping på det sterkaste

Reiarlaget Norse Marin AS reagerer på påstandar om at dei driv med sosial dumping etter at det blei aksjonert mot ein av deira båtar.

Fiskebåten Ottar ved kai i Måløy.

TIL KAI: Sjøfartsdirektoratet aksjonerte onsdag mot lastebåten «Ottar» etter tips om løns- og arbeidsvilkåra om bord.

Foto: Even Ørjasæter / Fjordenes Tidende

– Vi avviser på det sterkaste påstandane om sosial dumping i saka med dei to maskinistane frå Filippinane, seier advokat Roar Bårdlund.

Han representerer reiarlaget som er ansvarleg for drifta av båten.

– Påstandane er uhyrlege og så langt frå sanninga som den kan komme. Det dreier seg om dyktige filippinske sjøfolk som kvar for seg er blitt betalt med 3000 og 4000 amerikanske dollar kvar månad medan dei har jobba i Noreg. Dei er svært glade for dei gode arbeids- og lønnsvilkåra, og er sjølvsagt svært lei seg for å miste jobbane og kunne bli utvist frå Noreg.

Gjekk til aksjon

Det var tysdag Sjøfartsdirektoratet gjekk til aksjon mot den bergensregistrerte lastebåten «Ottar» etter at dei og Sjømannsforbundet fekk tips om at ikkje alt var på stell om bord i den over 40 år gamle båten.

Ifølgje direktoratet blei det avdekka ei rekkje feil og manglar, og Sjømannsforbundet meinte at mannskap gjekk på tilnærma slaveløn på 1100 dollar i månaden, altså om lag 9000 kroner.

Advokaten seier det ligg ein klar dokumentasjon på at utbetalingane som er lista i kontrakten, er å rekne som garantert løn.

– Det her er ein heilt vanleg måte på korleis lønn for sjømenn er samansett. Det er altså ikkje rett at lønna utgjer 1.100 dollar per månad. Både dokumentasjonen på utbetalingane og punkta i kontrakten fastslår lønn på høvesvis 4000 og 3000 dollar. Dette tilsvarer etter dagens valutakursar summar på 34.165 kroner og 25.624 kroner per månad.

Han meiner det ikkje hald i påstandane om sosial dumping.

– Om det her dreier seg om ei mistyding eller bevisst vranglesing av kontraktane frå Sjømannsforbundet si side, skal eg la stå usagt. Men det er både påfallande og svært oppsiktsvekkande at forbundet går så hardt ut i media utan å be om ytterlegare dokumentasjon frå reiarlaget.

Meiner han ikkje har feiltolka

Rune Larsen i Sjømannsforbundet held fast på at lønningane er for låge. Han seier han ikkje har feiltolka eller vranglest kontraktane.

– Dei får gå ut med det dei vil, men eg held meg til dei papira som har blitt lagt fram og det som mannskapet fortel.

– Reiarlaget seier dei har dokumentasjon på høgare utbetalingar enn det du seier. Trur du ikkje på dei?

– I utgangspunktet, nei. Dei har blitt førespegla ei løn på 3000 og 4000 dollar i månaden, men filipinerane seier dei ikkje har fått det. Uansett er dette for lågt i forhold til norske tariffavtalar. Norsk båt med norsk flagg er underlagt norske tariffar, uansett kvar du kjem frå.

Han meiner at når han avdekkjer forhold som dette, så kan han gå ut i media.

– Når eg sit med kontaktane som viser at dei er underbetalte, så kan vi gå ut med dette.

Advokat: Ei feiltolking

Dei to filippinarane som var om bord blei avhøyrde av politiet og fråtekne passa sine. Onsdag sa lensmann Nils Bakke ved Vågsøy lensmannskontor at dei vil blir transporterte til Bergen der saka deira blir handsama som ei utvisingssak.

Advokat Roar Bårdlund seier det har skjedd ei feiltolking frå reiarlaget si side av konvensjonen mellom Noreg og Filipinane i ein bilateral avtale for sjømenn.

– Dette er årsaka til at reiarlaget har gått ut frå at filippinarane har rett til å arbeide i periodar på tre månader i Noreg. Reiarlaget har avtale med eit utanlandsk bemanningsbyrå for sjøfolk, og var fullstendig uvitande om at avtalen kan vere i strid med norsk utlendingslov. Dersom lover og forskrifter ikkje er følgt, er dette sjølvsagt beklageleg, men det er noko heilt anna enn å bli skulda for sosial dumping.

Framleis i Måløy

Når dei gjeld dei tekniske feila som blei avdekka under inspeksjonen, seier Bårdlund at reiarlaget vil utbetre desse.

– Båten har godkjente klassepapir, og eit pålegg om utbetring av tekniske forhold er svært vanleg, seier han.

Avdelingsdirektør Alf Tore Sørheim i Sjøfartsdirektoratet seier at båten framleis ligg i Måløy.

– Den blir halden tilbake til vi har kontrollert han igjen for å sjå om feil og manglar har blitt utbetra.