NRK Meny

Reiarlaget Frøybas vann mot staten

Lokale fiskarar frå Bremanger får no behalde fiskekvotane sine til ein verdi av 23 millionar kroner. Det er Firdaposten.no som melder at dommen frå Borgarting lagmannsrett ligg klar. Fiskarane gjekk til sak mot Nærings- og fiskeridepartementet, etter at dei mista fiskekvotar i Nord-Norge. Fiskarlaget vann fram i tingretten, men staten anka saka vidare. No har lagmannsretten avvist denne anken, og dei legg også til grunn at fiskarlaget skal få sine sakskostnadar dekka.

Frøybas
Foto: fiskeri.no
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar
Stortingsvedtak om vestlandsregionen