NRK Meny
Normal

Reiarlag frå Bremanger vann fram mot staten

Lokale fiskarar frå Bremanger får no behalde fiskekvotane sine til ein verdi av 23 millionar kroner.

Frøybas

VANN FRAM MOT STATEN: Høgsterett seier nei til at staten skal få anka saka mot reiarlaget Frøybas frå Bremanger

Foto: fiskeri.no

– Det er ein fin dag i dag, seier Ronny Larsen, som er dagleg leiar i reiarlaget Frøybas frå Bremanger.

Måndag fekk han og brørne Eivind og Roy Larsen beskjed om at staten ikkje får lov å anke dommen frå lagmannsretten. Dermed er ein årelang tvist med staten over for fiskarane , som gjekk til sak mot Nærings- og fiskeridepartementet, etter at dei mista fiskekvotar i Nord-Norge.

Ronny Larsen

VARSLAR ERSTATNINGSKRAV: Ronny Larsen er dagleg leiar i reiarlaget Frøybas.

Foto: Privat

– No har vi halde på sidan 2011. Slike langvarige prosessar tar på, ein blir heile tida gåande og gruble på kva som skjer, seier Larsen.

Strid om kvotar

I 2010 kjøpte reiarlaget i Bremanger saman med Thomas Bjørnø, snurrevadbåten Tilje og kvoterettane. Fiskeridirektoratet meinte Bjørnø ikkje hadde budd lenge nok i Nord-Norge til at han kunne flytte kvotane sørover. Kravet er ifølgje direktoratet 12 månadar butid.

– Vi har ikkje halde tilbake opplysningar, og Thomas Bjørnø hadde budd to år i Nordland før vi hadde noko med han å gjere, seier Larsen.

Vil krevje erstatning

Etter å ha vunne fram både i tingretten og lagmannsretten varslar fiskarane no erstatningssøksmål mot staten.

– Berre i tapte fiskeriinntekter, så snakkar vi om minimum 30 millionar kroner. Og då snakkar vi om eit absolutt minimum.

– Kva har konflikten betydd for dykk, dei åra den har vart?

– Enkelt fortalt så har det betydd, at vi ikkje har kunne vidareutvikle bedrifta vår slik som vi har ynskt. Det er eit lite samfunn vi bur i, og vi ynskjer å kunne skape fleire arbeidsplassar, seier Larsen.

Kommunikasjonssjef for fiskeriministeren, Ingrid Dåsnes, skriv i ein e-post til NRK at departementet tek avgjerda til etterretning. Dei vil raskt sjå på korleis dei skal følge opp saka.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.