Leiinga ved senteret har no skrive brev til Statsministeren. Administrerande direktør Åsta Magni seier dei er heilt avhenige av leigeinntekter frå UWC.
- For senteret her vil det bety eit økonomisk tap på driftsbudsjettet på 1,5 millionar kroner årleg.
Inntektstap
Røde Kors Haugland Rehabiliteringsenter har i mange år slite med økonomien, og budsjettet for 2004 går så vidt i balanse. Dersom United World College skulle bli lagt ned, vil dette bety tap av leigeinntekter, inntekter senteret treng for å drive vidare.
- 1,5 millionar kroner er veldig mykje pengar. Vi vil få problem, det er klart. Då vil ein miste ein opptreningsinstitusjon som gjev eit tilbod i Helse Vest, og til befolkninga elles i landet. Det vil bety at ein vil miste eit svært godt rehabiliteringstilbod.
Studentane er med
Rehabiliteringssenteret tek årleg imot 800 personar frå heile landet til opptrening. I dette arbeidet utgjer studentane ved UWC ein uvurderleg ressurs.
- Studentane deltek i rehabiliteringstilbodet vårt, og dei er ein uunnværleg ressurs i det daglege arbeidet. Vi får stadig tilbakemeldingar frå klientane våre om at dei føler seg priviligerte fordi dei får eit tilbod her som gjev dei samhandling med unge menneske frå andre kulturar.
Kva synest du om regjeringa sitt forslag om å kutte støtta til UWC.
- For å vere heilt ærleg, så trudde eg det var ein feil.