Hopp til innhold

Rehabilitering i Florø?

Helse Førde vurderer å satse på rehabilitering i Florø, dersom dei ikkje får finansieringa av nærsjukehuset på plass.

Direktør Jon Bolstad håpar å få til ei ekstern finansiering av nærsjukehuset, mellom anna ved at Staten går inn med pengar, skriv avisa Firda. Går ikkje det, trur Bolstad det er mogleg å få til eit rehabiliteringstilbod som tilfredstiller dei faglege måla.