Hopp til innhold

Det skal framleis regne i bøtter og spann

Det er berre å kle på seg støvlar og regnjakke. Det skal framleis regne i bøtter og spann utover dagen.

Regn

REGN UTAN STOPP: Meteorologisk institutt opplyser at det framleis kan komme 50 mm regn fleire stadar i løpet av ettermiddagen. Det er berre å kle seg!

Foto: Jens O. Kvale / Scanpix

Meteorologisk institutt hadde måndag sendt ut OBS-varsel for Sogn og Fjordane der dei varsla store mengder nedbør. Det var venta 50–90 mm på 24 timar, 100–130 mm på dei mest utsette stadane.

Pauseregn

Statsmeteorolog Jørgen Grønneberg ved Vêrvarslinga for Vestlandet seier det før klokka 07.30 er ein liten pause i regnvêret.

– Det ser ut som det er ei lita pause akkurat no mange stadar. Det kjem ikkje ned like mykje nedbør no i morgontimane. Men det vil ta seg til att med regn utover dagen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Elva Jølstra går høg frå Vassenden i Jølster til Førde. Øystein Skovro og NRK-fotograf Torje Bjellaas har sendt desse vidoeane av den høge vasstanden.

SJÅ VIDEO: Elva Jølstra går høg frå Vassenden i Jølster til Førde. (FOTO: TORJE BJELLAAS (NRK)/ØYSTEIN SKOVRO/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

Dei store nedbørsmengdene har ført til at fleire vegar er stengde.

Det er venta at regnet vil minke først når vinden snur utpå dagen i dag.

– Regnet vil auke på til vinden snur mot vest og minkar. Det er no ein sør, sørvestleg stiv til sterk kuling på kysten. Det minkar ganske raskt. Det byrjar i nord og bevegar seg sakte sørover.

Men i framkant av dette blir det ein god del nedbør.

– Det blir omslag i vêret utpå ettermiddagen. Det blir då ein vestleg frisk bris, mogelegvis opp i liten kuling. Og då blir det ganske raskt mindre regn og det går over i regnbyer.

Ventar på omslag i vêret

Fram til det snur vil det komme ein god del regn.

– Det kan framleis komme opp til 50 mm mange stadar i dag.

Det er komme godt over 50 – 60 mm mange stadar i løpet av natta. Meteorologen trur dermed anslaga på at det ville komme opp mot 130 mm vil stemme godt når dagen er over.

Utover ettermiddagen vil snøgrensa senke seg til 800 meter som er vesentleg lågare enn natt til tysdag med 1600 – 1800 meter.