NRK Meny
Normal

17. mai-vêret: Regnbyer og fare for tore

Kle deg fornuftig på nasjonaldagen: Regnbyene står i kø, og faren for torevêr er stor.

Det blir regnbyger på nasjonaldagen

REGNBYER: På 17. mai blir det regnbyer – garantert. Men det kan, forhåpentlegvis, bli sol mellom byene.

Foto: Kleiven, Paul / Scanpix

Meteorologen levnar ikkje lenger noko håp om at det blir ein nasjonaldag med sol og varme.

– Eg har ikkje noko kjempegod nyheit å komme med, seier statsmeteorolog for Vestlandet, Ida Marie Solbrekke.

Null håp om feil i prognosane

For dei som har hatt eit håp i hengande snøre om godvêr, så kan det skrinleggast.

– Det er byesituasjonar som vil komme innover oss. Fronten har allereie laurdag passert Vestlandet. Så regnbyene vil prege 17. mai-feiringa, med veldig kraftige regnbyer – med tore.

Ho forklarer at laurdag har vi eit såkalla «vêrvindauge» med opphald i regnvêret, men det er berre for at regnbyene skal få bygge seg kraftig nok opp til å komme innover land på nasjonaldagen.

Ida Marie Solbrekke

INGEN GOD BESKJED: Ida Marie Solbrekke skulle gjerne hatt gode vêrmeldingar for Sogn og Fjordane, men det har ho ikkje.

Foto: Vervarslinga

– Det vil bøtte ned medan regnbya står på, men som med alle regnbyer så er det heldigvis kortvarig. Så mellom regnbyene kan det komme gløtt av sol.

Heldigvis er det liten til minimalt med vind i vente.

– På 17. mai vil det blåse ein forbigåande sørleg liten kuling på kysten. Men elles i regnbyene vil det vere ein liten frisk bris.

Treff heile fylket

På morgonkvisten 17. mai vil det komme ein front, eller eit såkalla «trog» innover Vestlandet. Men meteorologen seier det vil bli verst vêr etter klokka 12.

Dagen før den store dagen er det liten sjanse for at prognosane vil endre seg vesentleg.

– Det er svært liten sjanse for at det endrar seg, regnbyene kjem uansett. Spørsmålet er kor mange regnbyer det blir og kvar dei treff. Ein vil merke regnbya uansett kvar ein er i fylket, seier meteorologen.

Det er kanskje ikkje noko trøyst heller at vêret vil vere litt lettare tidleg måndag morgon. Men så vil det komme regn att måndag kveld og utover tysdagen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.