Hopp til innhold

Regjeringa vil veksle inn flyplassar mot veg

Samferdsleministeren vil sjå flyplassar og vegar i samanheng når neste NTP skal lagast.

Kjetil Solvik Olsen

SAMLA: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen vil sjå på både vegar og flyplassar i samanheng.

Foto: Terje Reite / NRK

Frå talarstolen i Stortinget opnar samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen for at flyplassar kan bli veksla inn i bruer, vegar eller tunnelar.

– Om vi kan gjere investeringar i nokre formar for transport som gjer at ein reduserer trongen for andre transportformer, og att på til kome positivt ut, så er vi klare til å gjere dei vurderingane.

Omstridd tema

Solvik-Olsen sin partifelle Frank Willy Djuvik har teke til orde for å legge ned flyplassar i fylket og bruke pengane på veg. Seinast denne veka peika han på Sandane lufthamn Anda og meiner pengane som blir spart heller kan gå til bru Anda-Lote. Samferdsleministeren støttar tanken bak:

– Fleire stadar i Norge vekkjer slike grep engasjement i næringslivet. Ein ser at slike løysingar med større flyplassar med fleire ruter, og som fleire kan få tilgang til, gir eit betre tilbod for næringslivet, lokalsamfunna og reiselivet sa Solvik-Olsen.

Vart utfordra av Sp

Saka vart tema i Stortinget sin spørjetime då Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete frå Sp utfordra Solvik-Olsen på om det er konkrete planar om ei eiga flyplassavløysingsordning, etter modell av ferjeavløysingsordninga.

– Vi må vite om det ligg noko meir bak dette enn berre synsing frå ein tilfeldig lokalpolitikar, sa Navarsete.

Solvik-Olsen vil jobbe vidare med saka:

– Om ein skal ha ei direkte flyplassavløysingsordning, der pengar går frå Avinor til veg, eller om ein skal ta det som ein del av dei totale vurderingane, får v kome tilbake til når vi jobbar med Nasjonal transportplan, sa Solvik Olsen i Stortinget.

– Visjonært av Djuvik

Solvik Olsen meiner Frank Willy Djuvik er visjonær som tek tak i det å sjå transportformene i samanheng.

Djuvik er nøgd med svaret.

– Her må det bli opp til dei lokale politikarane å lage ein finansieringspakke til ein vegpakke og gå til Ketil Solvik-Olsen.

– Regjeringa må gå føre

Men stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete meiner det er regjeringa som må gå føre.

– Om Frank Willy Djuvik meiner noko med dette, så må statsråden engasjere seg framover og gi tydeleg melding til lokalpolitikarane. Slike politiske grep kan uansett ikkje berre gjelde Gloppen, og kan ikkje vere lokalpolitikarane sitt ansvar åleine.

Navarsete seier regjeringa peiker på moglegheiter, utan at ein har laga noko konkret opplegg.

– Kor tid skal ein eventuelt gi opp ein flyplass? Når brua Anda-Lote er på plass, eller vil ein vente til at brua over Voldsfjorden også er komen? Eg skjønar frykta for at ein til slutt ikkje sit att med noko som helst, seier Navarsete.