NRK Meny
Normal

Regjeringa vil oppheve buplikta i landbruket

Regjeringa føreslår å fjerne buplikta i landbruket, ei plikt som har vore ein av grunnpilarane i norsk landbrukspolitikk. I jordbruksfylket Sogn og Fjordane, jublar Frp-fylkesleiar Frank Willy Djuvik over forslaget.

Frank Willy Djuvik

NØGD: Fylkesleiar i Framstegspartiet i Sogn og Fjordane, Frank Willy Djuvik, jublar over forslaget til regjeringa.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Regjeringa har sendt ut forslag på høyring om å oppheve konsesjonsplikta og buplikta knytt til landbrukseigedommar, seier fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik.

Regjeringa føreslår å oppheve buplikta utan å erstatte dei av andre reglar. Oppheving av konsesjonslova inneber også at reglane om bulplikt i odelslova også vert føreslege oppheva, då reglane må sjåast i samanheng.

Det er varselet om ei omvelting i norsk landbrukspolitikk. Buplikta har, saman med konsesjonsplikta, vore ein av grunnpilarane for å sikre busetting i distrikta.

Buplikta, slik ho er i dag, seier at nokre landbrukseigedommar må ein faktisk bu på, for å kunne eige.

Meiner det vil gjere landbruket meir lønsamt

Dette er for å unngå at eigedommane vert kjøpte av folk som berre vil bruke dei som feriebustadar, slik at dei står tomme resten av året. Men den plikta kan det no verte ein brå slutt på.

Bakgrunnen for forslaget er at det i regjeringserklæringa står klart at ein ønskjer å sjå på dette regelverket.

– I høyringsuttalen kan ein lese ganske omfattande grunngjevingar som går på at bøndene og landbruket skal ha høve til å hente ut verdiar i eigedommar. Ein syner også til at landbrukseigedommar, spesielt i grisgrendte strøk, vert ståande tomme på grunn av dei reglane som er i dag, seier Djuvik.

Han meiner det difor er trong for å vareta både busetjing og landbruksjord, samt ta grep for at landbruket skal verte meir lønsamt.

– I høyringsutkastet kjem det klart fram at dette faktisk er eit hinder for utviklinga av landbruket og verdiar på bøndene sine vegner, seier Djuvik.

Skal framleis ha reglar knytt til jordvern

Han peikar på at når ein investerer både arbeidskraft og kapital i eit gardsbruk, så ønskjer ein også å kunne hente ut ein verdivekst av det seinare.

– Det har ein ikkje høve til i landbruket i dag på grunn av desse rigide reglane. Dette er eit prinsipp om eigedomsretten, som også er felt ned i internasjonale avtalar, seier Djuvik.

– Kvifor gjere denne omveltinga no?

– Det er fordi Frp alltid har vore for at bøndene sjølve må ha eigedomsretten til si eiga jord og kunne forvalte den, utan at det offentlege skal blande seg inn i korleis og kven som skal kjøpe, og korleis ein eventuell kjøpar skal bruke dette, seier Djuvik.

Han peikar på at ein framleis har reglar knytt til jordvern som framleis vil vere gjeldande.

Meiner buplikta kan verke omvendt

Buplikta har vorte brukt som eit argument for å få folk til å busetje seg i distrikta og få folk til å drive og bu i gamle gardsbruk. Men Djuvik meiner det ikkje alltid er tilfelle.

– Det som fort skjer er det motsette. Ein vegrar seg for å kjøpe gardsbruk i grisgrendte strøk fordi ein ikkje har høve til å få seg anna arbeid i nærleiken. Det betyr at desse reglane også hindrar at ein kan kjøpe opp tilleggsjord frå andre gardsbruk, noko som hindrar at denne jorda faktisk vert teken vare på, seier Djuvik.

Han trur å løyse opp i desse reglane vil få positive ringverknadar.

– Det kan føre til ei betre utvikling og meir busetnad i grisgrendte strøk, trur Djuvik.

Forslaget er sendt ut på høyring frå landbruksdepartementet i dag.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.