NRK Meny
Normal

Nattstasjonert fly i det uvisse

Eit nattstasjonert fly på Sogndal lufthamn vil gi færre kanselleringar. Men statssekretær Tom Cato Karlsen vil likevel ikkje påleggja flyselskapa å la fly stå i Sogndal natta over.

Statssekretær i Samferdselsdepartementet, Tom Cato Karlsen

SKEPTISK: – Eit krav om nattstasjonert fly vil gi flyselskapa fleire avgrensingar og kan føra til at prisen på anbodet bli pressa opp, seier statssekretær Tom Cato Karlsen (Frp) i Samferdsledepartementet.

Foto: Håkon Jacobsen / NRK

Regjeringa vil ikkje krevja at flyselskapa skal ha fly nattstasjonert på Sogndal lufthamn Haukåsen, sjølv om det kan gi langt færre kanselleringar og betre kapasitet.

I helga kom det fram at kommunane og bedriftene i Sogn vil spleisa på ein hangar, slik at fly kan stå på Haukåsen natta over, noko som vil auka sannsynet for at morgonflya går som dei skal.

Kan pressa opp prisen

Regjeringa vil derimot at det skal vera heilt opp til flyselskapet sjølv om dei vil nytta seg av tilbod om hangar.

– Å krevja at fly skal stå i Sogndal over natta kan skapa utfordringar for dei selskapa som skal levera anbod. Eit krav vil gi dei fleire avgrensingar og kan føra til at prisen på anbodet bli pressa opp, seier statssekretær Tom Cato Karlsen (Frp) i Samferdsledepartementet.

Spleiselag for flyhangar

I helga blei det kjent at kommunane og bedriftene i Sogn mobiliserer for å få ned talet på kansellerte fly på Sogndal lufthamn. Saman vil dei spleisa på ein hangar til fem millionar kroner, som gjer at eit fly kan stå i Sogndal natta over sjølv midt på snørike vinteren.

Ordførar i Sogndal Jarle Aarvoll

MOBILISERER: Sogndalordførar Jarle Aarvoll og resten av sognekommunane vil saman med næringslivet spleisa på ein flyhangar i Sogndal som skal få flya til å gå når dei skal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Eit fly som står på bakken i Sogndal, har mykje større sjansar for å koma seg til Bergen eller Oslo enn om det er eit innkomande fly som fyrst må landa, før det skal ta av, sa ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal på laurdag.

– Framoverlente sogningar

Aarvoll og leiaren Harald Offerdal (Ap) i Sogn regionråd la i førre veke hangarplanane fram for Samferdsledepartementet. Neste vår blir det bestemt kva selskap som får kontrakten på å fly rutene til og frå Sogndal.

– Regionen har framoverlente tankar om korleis dei skal få flyselskapa til å la fly stå i Sogndal over natta. Eg rår dei til å snakka godt med det flyselskapet som får kontrakten. For å få selskapet med på nattstasjonering, er god dialog vegen å gå, ikkje konsesjonskrav frå Regjeringa, seier statssekretær Karlsen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser