Normal

Dei held stø kurs mot fylkesmannsfusjonar

– Uaktuelt å venta med å slå saman fylkesmennene til nye regionar er bestemte, seier statssekretær Paul Chaffey (H). 135 fylkesmannsjobbar i Sogn og Fjordane kan vera i fare.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner og statssekretær Paul Chaffey

VIL IKKJE AVVENTA REGIONREFORMA: Kommunalminister Jan Tore Sanner (t.v.) og statssekretær Paul Chaffey meiner dei har valt rett rekkefølgje på fusjonsarbeidet med fylka og fylkesmennene.

Foto: Camilla Veka/NRK

– Me har valt rett rekkefølgje, fordi det er lettare å få eit godt heilskapsblikk ved å køyra arbeidet med fylkesmannsembeta og kommune- og regionreforma parallelt, seier statssekretær Paul Chaffey (H) i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Neste år kan Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vera historie. Regjeringa vil nemleg at dagens 17 fylkesmenn skal bli færre i framtida.

– Feil rekkefølgje

Ingenting er bestemt, men ordførar Jon Håkon Odd (Ap) i Leikanger var i førre veke kritisk til at Regjeringa kan koma til å vedta fylksmannsfusjonar, før Stortinget neste vår skal bestemma eventuelle nye fylkesgrenser.

– Dette skjer i feil rekkefølgje. Eg er kritisk til at regjeringa prøver å leggja føringar for regionreforma ved å banka ein ny fylkesmannsstruktur fyrst.

Jon Håkon Odd

UROA FOR VIKTIGE ARBEIDSPLASSAR PÅ STATENS HUS: - Der fylkesmennene i andre fylke er meir opptekne av tilsyn og kontroll, er fylkesmannen her mykje flinkare til å syta for vekst og utvikling, seier ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Rett etter nyttår vil kommunalministeren få det faglege beslutningsgrunnlaget på bordet sitt. Der Chaffey er klar på at regjeringsvedtaket om fylkesmannsstruktur ikkje vil koma etter at Stortinget har handsama regionreforma, er han derimot vag på om avgjerda kan koma før - og dermed leggja føringar.

– Me har ikkje teke endeleg stilling til når dette er klart. Det vil vera avhengig av debatten vidare om det regionale nivået.

135 arbeidsplassar kan vera i fare

Kommunal- og moderniseringsdepartemenet vurderer tre ulike fusjonsmodellar. Det mest dramatiske alternativet kan innebera at dagens 17 fylkesmenn blir slått saman til 4 store landsdelsembete.

I Sogn og Fjordane står 135 arbeidsplassar på spel, dei fleste i Leikanger, men òg over tjue i Førde.

I eit fylke der kommunane har relativt små administrasjonar, gir fylkesmannen viktig utviklingshjelp og rettleiing, sa Odd i førre veke, og meinte at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane slik sett er unik nasjonalt.

– Dette er særs viktig. Også i andre fylke er busetnaden spreidd og kommunane relativt små. Så me må syta for at fylkesmannsembeta blir betre rusta til å utføra tilsyn, kontroll og rådgiving, men då tilpassa ny kommunestruktur, seier Chaffey.

Anne Karin Hamre

RETTVIS FORDELING: - Alle regionale arbeidsplassar må ikkje klumpast saman i éin by. Sogn og Fjordane har vist at me kan handtera viktig regionale oppgåver, seier fylkesmann Anne Karin Hamre

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Trøndelags-modellen

I Trøndelag har nord- og sør-fylket blitt samde ein intensjonsavtale som legg fylkesmannen og fylkeskommuneadministrasjonen til Steinkjer i Nord-Trøndelag, medan den fylkeskommunale leiinga skal sitja i Trondheim i sør.

Ei slik delt løysing har kommunalministeren gitt grønt lys for, noko fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre, har merka seg:

– I ein eventuell ny vestlandsregion må regionale arbeidsplassar fordelast jamt, sa Hamre før påske.

– Det vil bli ein diskusjon mange plassar i landet, men det vil vera å føregripa diskusjonane å seia noko handfast om det, seier Chaffey

Vegopning på Bergum i Førde kommune