Regjeringa vil gjere hamna i Florø djupare

Regjeringa og samarbeispartia har sett av 180 millionar kroner til utbetring av hamnene i Florø og Kalvåg i forslaget til Nasjonal Transportplan (NTP).

Westcon Yard Florø

UTBETRING: I dag er det 16 meter djupt inn til Florø hamn, i framtida vil det bli 20 meter djupt. Det gjer at Westcon kan få inn dei største riggane frå Nordsjøen.

Foto: Harald M. Valderhaug

– Dette er veldig viktig for den maritimevsektoren i Flora, seier Gustav Johan Nydal i Flora KrF.

I dag kunne lokalpolitikarar frå regjerings- og samarbeidspartia fortelje at desse to prosjekta ligg inne i andre del av NTP:

  1. Utdjuping av innseglinga til Flora Hamn frå 16 til 20 meter djupne og 120 meter breidde. Kostnadene for dette er 80 millionar kroner og.
  2. Bygging av molo og merking av innsegling til Kalvåg fiskerihamn. Den totale kostnaden for dette er på 98 millionar kroner.

Viktig for Westcon Yards

Skipsverftet Westcon Yards i Florø seier utbetringsarbeidet i haman vil gjere det mogeleg for dei å kunne ta på seg arbeid på dei største riggane frå Nordsjøen.

– No kan Westcon Yards konkurrera med alle om vedlikehald på dei største riggane. Dette er viktig for heile næringslivet langs kysten, seier stortingskandidat frå Høgre, Frida Melvær.

– For Westcon og Flora er dette særs gode nyhende. Saman med dei investeringane som allereie er gjort på Westcon vil dette kunne bidra til stor aktivitet på verftsområdet, og for det lokale næringsliv som i dag leverer til Westcon, seier Jan Henrik Nygård i Venstre.

Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.