Hopp til innhold

Anundsen velsignar fusjon av domstolsleiing

Ein fusjon av domstolsleiing er ikkje ei fordekt sentralisering, meiner Justisdepartementet. Berre på Vestlandet kan fire jordskifterettssjefar erstatta av to.

Anders Anundsen

AVVISER SNIK-SENTRALISERING: - Felles leiing av to eller fleire jordskifterettar har ikkje noko å seia for strukturen til domstolen, skriv justis- og beredskapsmininster Anders Anundsen (Frp) i eit skriftleg svar til Stortinget.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Å framstilla dette som snik-sentralisering er heilt feil, seier statssekretær Ove Vanebo (Frp) i Justis- og beredskapsdepartementet.

Etter påske har det blese opp til strid rundt jordskifterettane i landet. Alle seks domstolsleiarane på Vestlandet har nemleg gjort opprør mot den nasjonale Domstoladministrasjonen.

– Uryddig

Domstoladministrasjonen vil fusjonera leiinga ved jordskifterettane i Bergen og Voss, og har dessutan planar om å gjera det same ved domstolane i Sogndal og Førde når leiar for Indre Sogn jordskifterett, Hans Ruud, pensjonerer seg i løpet av året.

Vidar Otterstad, Eivind Helleland og Hans Ruud

PROTEST FRÅ VEST: Vidar Otterstad (f.v., Sunnfjord og Ytre Sogn), Eivind Helleland (Nordfjord), Hans Ruud (Indre Sogn) og dei tre andre jordskifterettsleiarane på Vestlandet har skrive eit uvanleg tydeleg protestbrev til Domstoladministrasjonen.

Foto: Asgeir Jens Reksnes / NRK

– Me reagerer fordi oppretting av felles leiing vil føra til ei varig strukturendring av jordskifterettane, og fordi dette skjer der det tilfeldigvis blir ledig ei stilling – utan ein overordna plan, sa Ruud tysdag.

Statssekretær Vanebo meiner derimot at felles leiing i jordskifterettane kan vera ei god løysing:

– Norge har mange små domstolar. Det betyr mange leiarar. I nokre tilfelle kan ein spara ressursar og driva meir effektiv med felles leiing. Dessutan er rekrutteringa krevjande ved einskilde domstolar.

Skapar større avstand

Ove Vanebo

«PRØVEPROSJEKT - OG I SPESIELLE TILFELLE»: Regjeringa har gitt grønt lys til felles leiing ved fleire tingrettar og ved to jordskifterettar i landet. Det vil gi oss nyttig kunnskap, seier statssekretær Ove Vanebo

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Jordskifteretten er ein særdomstol for eigedomssaker. Domstolsleiarane i vest meiner fusjon vil bety sentralisering på sikt, noko dei meiner er uheldig på fleire måtar:

  • Det svekkjer lokalkunnskapen.
  • Det gjer avstanden mellom domstolen og brukarane større.
  • Det ein måtte spara med felles leiing, blir ete opp av fleire og lengre synfaringsreiser.

Dessutan er domstolsleiarane usamde i at samanslåing berre skjer «i spesielle tilfelle», slik Stortinget har bestemt. Leiarane viser til at Domstoladministrasjonen i brev har presisert at dei kjem til å vurdera felles leiing - ved eit kvart tilfelle, der det står ei leiarstilling ledig.

Det legg ikkje statssekretær Vanebo så stor vekt på:

– Akkurat det brevet er ikkje avgjerande. Førebels har me ingen grunn til å tru at Domstoladministrasjonen gjer dette i strid med føringane.

Oppvaskmøte

Torsdag var det møte mellom dei seks jordskifterettsleiarane på Vestlandet og direktøren i Domstoladministrasjonen. Jordskifterettsleiarane fekk - etter det NRK kjenner til - lite gehør for protesten sin. Inntrykket deira etter møtet er at administrasjonen står på sitt og ønskjer å slå saman domstolsleiingar som planlagt.

Jenny Klinge

SENTRALISERING PÅ SIKT: Justispolitisk talsperson Jenny Klinge (Sp) støttar jordskifterettsleiarane på Vestlandet.

Foto: Bernt Sønvisen/Senterpartiet

– Eg har stor forståing for protesten frå jordskifterettsleiarane. Dette er ei utvikling me ikkje ønskjer, seier Jenny Klinge, justispolitisk talsperson for Senterpartiet på Stortinget:

– Me veit at å ha ein leiar på plassen, er ein klar fordel i alle etatstypar. Det er ikkje «ved særskilde høve» det blir innført felles leiing, men til dømes når ein går av med pensjon. Eg er redd for at dette vil føra til sentralisering på sikt, seier Klinge.