I fjor døydde nær 80 prosent av villakssmolten i fleire viktige lakseelvar i Sognefjorden og Hardangerfjorden av lakselus, ifylgje Havforskingsinstituttet. Likevel vil regjeringa fyrst hausten neste år vurdere kutt i oppdrettsproduksjonen med seks prosent.
Allereie i 2016 åtvara Miljødirektoratet mot for puslete tiltak.
– I ein del område med mykje oppdrett har villfisken det skikkeleg ille, og bestanden er truga, seier seniorrådgjevar Atle Kambestad.
Ville ha strengare tiltak – men regjeringa droppa å følgje rådet
Hausten 2016 var trafikklyssystemet til oppdrettsnæringa på høyring. Systemet deler kysten inn i raude, gule og grøne soner. I raude soner må oppdrettarane kutte seks prosent, i gul sone frys ein nivået, medan ein i grøne soner kan auke.
Inndelinga skal vurderast anna kvart år.
I eit brev skreiv Miljødirektoratet at dei ser det som utilstrekkeleg at produksjonen skal kunne reduserast med berre 6 % kvart anna år. Med den hastigheita vil det kunne ta mange år før ein når berekraftig nivå for lakselus i dei mest påverka områda.
Dagleg overvaking
Men regjeringa valde å ikkje følgje råda.
– Når vi har slike prosessar så kjem det hundrevis, kanskje tusenvis, av innspel ifrå ulike institusjonar og fagmiljø. Som statsråd så held eg meg til regjeringa og Stortinget sitt vedtak, seier fiskeriminister Per Sandberg (Frp).
– Det er ikkje slik at vi ventar og ser dødelegheita i to år. Dette vert kontrollert dag for dag, og oppdrettarane blir sett krav til, legg han til.
Sandberg seier pilene også peikar oppover for villaksen.
– I 2016 hadde fem av ni elvar i Hardanger og seks av sju elvar i Sogn eit godt produksjonsnivå.
Oppdrettarane fortvilar over luseproblemet
På den andre sida har oppdrettarane investert milliardar for å bli kvitt lakselusa.
– Uansett kva vi gjer så blir vi skulda for å ikkje gjere jobben vår. Dei fleste oppdrettarane står på dag og natt i kampen mot lusa, seier samfunnskontakt i Osland havbruk i Sogn, Geir Helge Østerbø.
Fryktar for villaksen
Men trass innsatsen strevar villaksen og sjøauren i dei to fjordane, meiner havforskarane.
Grensa for å unngå kutt er dødelegheit for villakssmolten under 30 prosent, i 2016 låg snittet på om lag 35 prosent, medan ein i fjor altså var nærmare 80.
– Vi er svært uroa. Hardanger er i ei særstilling med problem sidan 90-talet og ei rekke bestandar er heilt på grensa til å gå tapt. For Sogn og Fjordane er ikkje bestandane like langt nede. Men det er klart om nivåa i 2017 skulle halde fram, så vil ikkje det vere noko godt grunnlag for fisken i framtida, seier Kambestad.