Hopp til innhold

Regjeringa skal i vernerettssak - endrar reglane like før saka

Regjeringa endra i dag forskriftene for Sørdalen naturreservat i Bremanger, noko som opnar for at Statnett kan bygge gigant-kraftlina dei har planlagd.

Kraftlina gjennom Sørdalen barskogreservat i Bremanger.

ENDRAR REGLANE: Regjeringa har endra forskriftene og opnar med det for at kraftlina gjennom naturreservatet kan fullførast.

Foto: Fylkesmannen

– Grunneigarane tykkjer det er heilt utruleg. Dei har halde på i mange år, og så endrar staten spelereglane like før hovudforhandlingane førstkomande tysdag, seier advokaten til grunneigarane, Magne Revheim.

Leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, er rysta.

– Det ser ut som regjeringa har tvunge gjennom at kraftlina skal gå gjennom eit naturreservat. Vi er svært skuffa.

På slutten av 2011 gjorde energiminister Ola Borten Moe ei trasèendring på 420 kV-kraftlinja som skal gå frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre. Linja skulle etter planen gå gjennom Førdedalen, men vart i staden lagt gjennom Sørdalen naturreservat og Myklebustdalen i Bremanger.

Endra reglane like før rettssak

Magne Revheim

ADVOKAT: Magne Revheim.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Då Borten Moe endra konsesjonen gav det utspring til to rettssaker. Ei rettssak om sjølve konsesjonen og traseendringa, som har gått fleire rundar i retten. Nyleg avgjorde Namsmannen i Bremanger at Statnett får halde fram arbeidet i Myklebustdalen, ei avgjerd grunneigarane ikkje aksepterer.

Eit anna spørsmål, om lina gjennom Sørdalen naturreservat, skal opp i Borgating lagmannsrett på tysdag. Her stemna grunneigarane Miljøverndepartementet for retten, då dåverande minister Bård Vegar Solhjell gav dispensasjon frå Naturmangfaldslova i 2013. Grunneigarane tapte saka i tingretten i 2014, men anka til lagmannsretten.

For eit par veker sidan kom det fram at regjeringa vurderte å lempe på reglane for naturreservatet, framfor å flytte lina. No har dei endra reglane like før rettssaka

– Slik vi ser det viser dette heilt klart at staten sjølv erkjenner at det ikkje var heimel i Naturmangfaldslova til å gje dispensasjon for framføring av lina gjennom Sørdalen naturreservat. Det har både Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Direktoratet for Naturforvaltning slått fast med brei penn, seier advokat Revheim.

Fryktar for andre naturreservat

Lars Haltbrekken

SKUFFA: Lars Haltbrekken.

Foto: Kristine Hirsti / NRK

– Vi er skuffa over at regjeringa no ofrar eit naturreservat for å få bygd ei kraftline som kunne ha blitt bygd på ein langt meir skånsam måte om dei ønskte å ta vare på naturverdiar, meiner Lars Haltbrekken.

Natuvernleiaren er redd for at regelendringa skal skape presedens for andre naturreservat i landet.

– Vi fryktar at fleire naturreservat rundt i landet kan stå for fall, dersom Statnett planlegg ei kraftline gjennom det, eller dersom olje- og energiministrar i framtida ønsker å legge kraftliner gjennom verdifulle naturområde, som eigentleg skulle vore teke vare på for all æve, seier Haltbrekken, og legg til:

– Vi veit at Statnett også har planar om å føre kraftliner gjennom naturreservat også andre stader i landet, hevdar Haltbrekken.