Hopp til innhold

Regjeringa premierer bedrifter med læreplassar

Helseminister Bent Høie fekk i dag sjå korleis Entreprenørservice i Førde tek imot læringar og gjev ungdom ein praksisplass.

Bent Høie. Entreprenørservice. Førde

BEDRIFTSBESØK: – Regjeringa vil fleire ha læreplassar seier Helseminister Bent Høie (H).

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Norge treng fleire fagutdanna og ministeren var imponert over arbeidet til dagleg leiar André Grov og resten av gjengen i Entreprenørservice.

– Det er nettopp slike bedrifter vi treng meir av i Norge, som tar samfunnsansvar og er opptekne av å ha lærlingar. Det er ein god måte å rekruttere på og ein må å ansvar for framtida til næringa, seier Høye.

Vil gi folk ein sjanse

Entreprenørservice i Førde er ei av verksemdene som tek imot læringar og ungdom som skal på utplassering. Fleire av desse har kanskje problem på skulen og dårlege karakterar. Det betyr ikkje så mykje for André Grov er dagleg leiar for Entreprenørservice.

– Eg ser i grunnen ikkje så mykje på karakterane, eg ser mest på fråvær og den biten der. Det kan verte gode arbeidsfolk av dei sjølv om karakterane kanskje ikkje er på topp, seier Grov.

Han er oppteken av at folk må få ein sjanse til å syne kva dei er gode for.

– For meg er det viktigaste at dei er interesserte og at dei møter opp. Då er det håp for mange, seier Grov.

André Grov

VEGGEN FULL: Dagleg leiar André Grov syner stolt fram alle fagbreva som lærlingar i bedrifta hans har tatt.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Byrja som lærling

Blant dei 40 tilsette i Entreprenørservice finn vi 25 år gamle Eirik Aalen. Han byrja som lærling i verksemda som 18 åring. I dag har han sertifikat som bergsprengar.

– Det var ei bedrift som låg i nærmiljøet og det verka som ei bra bedrift.

– Kva tenker du om det som sjefen din seier om å gi ungdom ein sjanse?

– Eg tykkjer det er bra at alle får ei moglegheit til å kome inn i arbeidslivet, seier Aalen.

Eirik Aalen og André Grov

FEKK LÆREPLASS: Erik Aalen byrja som lærling i bedrifta til André Grov som 18-åring-

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Gir fordelar til lærebedrifter

Høie seier regjeringa har sett i verk fleire tiltak for auke talet på læreplassar. Blant anna har dei kvart år auka lærlingetilskotet slik at verksemdene får meir pengar frå det offentlege når dei tilset lærlingar.

– I tillegg har gjort noko anna som eg trur er svært viktig, ikkje minst for mindre lokale bedrifter, når dei skal inn i anbodskonkurransar og møter større utanlandsk konkurranse. Vi stiller no krav om at skal du levere til det offentlege må du og ha eit visst tal på lærlingar i bedrifta. Då gjev det ein fordel til bedrifter som til dømes Entreprenørservice i Førde, seier Høie.