Hopp til innhold

Regjeringa legg hardt press på høgskulen

Krevjande kampar ventar for Høgskulen i Sogn og Fjordane sjølv om Regjeringa droppar tvangsfusjon. I dag presenterer kunnskapsministeren ei rekkje kvalitetskrav, som blir tøffe å innfri.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på skolebesøk i Oslo

HARDE KRAV: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil mellom anna krevja at minst halvparten av dei tilsette skal ha doktorgrad for å få tilby mastergradsutdanning.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Regjeringa vil gjera det vanskeleg for Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) å halda fram åleine. Det blir klart når kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i føremiddag presenterer stortingsmeldinga om framtidig høgskulestruktur.

– Eg er veldig spent på det som blir lagt fram, seier HiSF-rektor Åse Løkeland.

Press på lærarutdanninga

Berre ni dagar har gått sidan HiSF-leiinga fekk beskjeden dei hadde håpa på, nemleg at Regjeringa likevel ikkje vil slå saman mindre høgskular med tvang.

Men i dag vil det siga eit nytt alvor innover HiSF. I stortingsmeldinga vil nemleg regjeringa leggja kraftig press på dei mindre høgskulane som ikkje vil fusjonera med andre, som HiSF.

Ifølgje NTB vil kunnskapsministeren mellom anna krevja at minst halvparten av dei tilsette skal ha doktorgrad for å få tilby mastergradsutdanning. Ved HiSF har berre 38 prosent av dei tilsette doktorgrad eller tilsvarande. Difor blir det krevjande for HiSF og andre studiestader som tilbyr lærarutdanning, når dagens utdanning blir gjort om til femårig mastergrad i 2017.

Åse Løkeland

REKTOR HiSF: Åse Løkeland.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Ein del vil slite med å framleis kunne tilby ei fullverdig lærarutdanning dersom dei ikkje gjer nokre grep, seier Isaksen til NTB.

– HiSF har allereie vedteke ein handlingsplan som skal innfri dette kompetansekravet innan 2020, seier Løkeland.

Meir pengar til dei store

Regjeringa vil òg leggja om måten høgskulane blir finansierte på og gi meir pengar til dei som blir større eller betre.

– No framover vil me prioritera dei som går saman, seier Røe Isaksen til NTB.

– Eg er veldig spent på kva som ligg i dette. Innstillinga frå utvalet som har greidd ut den nye finansieringsordninga, seier at det skal lønna seg å produsera studiepoeng. Her ligg me heilt i landstoppen. Det gjer me òg når det kjem til kor mange studentar som fullfører studiane. Det er spenning knytt til dei såkalla utviklingsavtalane, der forslaget inneber at departementet skal halda att 5 prosent av dei årlege pengane og gjera dei avhengige av kva utviklingsplanar institusjonen har. Det utfordrar oss, men det ser eg eigentleg ikkje noko gale i, seier Løkeland.