Hopp til innhold

Erna vil måle kvaliteten på sjukeheimane

FLORØ (NRK): Regjeringa vil måle kommunane sin kvalitet i eldreomsorga. Målet er å spreie dei gode eksempla ut til heile landet.

Erna Solberg

GODT EKSEMPEL: Erna Solberg var i dag på besøk på Flora omsorgssenter i Sogn og Fjordane, og meiner musikkterapien ved insitutsjonen er eit godt døme på aktivitet og kvalitet. Her på besøk hjå ein pasient (utanfor biletet). Ordførar Bengt Solheim Olsen (H) til høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det skjer mykje spanande. Men vi må løfte oss til at det ikkje berre skjer i enkeltkommunar, men at det faktisk blir ein standard som alle kan måle seg mot, seier statsminister Erna Solberg.

Regjeringa lanserer no ein «tryggleiksstandard» for sjukeheimar. Det vil i praksis seie at regjeringa ønskjer å lage ein standard for kva som er god kvalitet i eldreomsorga, og så måle kvaliteten i etterkant.

– Eg er ofte ute og ser veldig gode tiltak. Det er jo gjerne dei folk vil vise ein statsminister på besøk. Men eg ser også at mange ikkje har byrja så mykje på spørsmålet om kvalitet.

– Aktivitet like viktig som pleie

I dag fekk statsministeren sjå ein musikkterapeut hjå dei demente ved Flora omsorgssenter. Ho meiner det passar inn i kvalitetsomgrepet til regjeringa.

– Det passar heilt topp, for aktivitet – særleg innan demensomsorga – er like viktig som pleien. Folk som blir demente er dei som bur aller lengst på sjukeheim. Dei visnar vekk om dei ikkje er fysisk og psykisk aktive.

Musikkpedagog

FAST: Ved Flora omsorgssenter har dei ein fast musikkpedagog. I dag framførte ho mellom anna «Mellom bakkar og berg» og «Nystemten».

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ho viser til gode eksempel på aktivitet frå Nederland.

– Eg har vore å besøkt institusjonar som har funne inspirasjon i nederlandske demenslandsbyar. Dei tenkjer annleis i kvardagen. Dei let eldre få vere med på dei daglege gjeremåla, slik at dei lever mest mogleg slik som før. Skreller poteter, skreller gulrøter, går og handlar, små ting.

– Staten har ikkje alltid svaret

Men kva meir ligg i kvalitetsomgrepet til regjeringa og korleis skal det målast? Solberg inviterer pårørandeorganisasjonar, brukarorganisasjonar, kommunar og fagforeiningar med på å finne svar på det.

– Det er viktig at staten ikkje alltid har svaret. Men det kan vere snakk om måleparameter som at det skal vere aktivitet og stimulanse kvar dag, kva slags type aktivitet, at ein har løfta inn andre organisasjonar som hjelper, det kan vere korleis ein brukar ny teknologi.

Målet er at dei første måleparametra, standardane, skal vere klare i løpet av eit til eitt og eitt halvt år. Helsedirektoratet vil deretter prøve ut verktøyet i utvalde sjukeheimar. Regjeringa løyver 5–6 millionar til oppstarten av arbeidet.

– Det er ikkje alltid det dreiar seg om meir pengar, det dreiar seg kanskje også om måtar å jobbe på, seier statsministeren.