Regjeringa krev kraftige kutt i cruiseutslepp

Regjeringa vil stramme ytterlegare inn på reglane for utslepp frå båtar i verdsarvfjordane. – Dette vil få vekk det synlege røykutsleppet i fjorden, seier ordførar.

Tre cruisebåtar i Flåm

MYKJE RØYK: Flåm er ein av dei største cruisedestinasjonane i Noreg. No vil regjeringa setje strengare krav til næringa.

Foto: Jan Christian Jerving

I sommar sende Sjøfartsdirektoratet ut eit nytt regelverk på høyring som skal redusere utslepp og betra miljøet i verdsarvfjordane.

Det blei mellom anna føreslått forbod mot kloakkutslepp, svovelkrav for heile området, strengare krav til NOx-utslepp, og regulert bruk av eksosvaskesystem. No blir det foreslege ei ytterlegare skjerping av krava på bakgrunn av høyringsinnspela som kom inn.

Eit steg i riktig retning

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen seier regjeringa ønskjer å redusere utsleppa frå cruiseskip.

– Det vil vera eit steg i rett retning dersom det blir strengare krav til skip i verdsarvfjordane, seier han i ei pressemelding.

Eit av forslaga er at drivstoff som blir brukt på skip i verdsarvfjordane, skal ha eit maksimalt svovelinnhald på 0,10 vektprosent. Eit anna forslag er eit forbod mot bruk av eksosvaskesystem i desse områda, både når det gjeld opne, lukka og hybride system.

Ifølgje Sjøfartsdirektoratet vil dette bety eit forbod mot bruk av tungolje i verdsarvfjordane, og at dei skipa som i dag nyttar tungolje i kombinasjon med reinsesystem, må gå over til marindiesel når dei er i verdsarvfjordane.

Nøgd ordførar

– Det handlar både om både klimaet, utsleppa og den synlege forureina. Alle er opptekne av at vi skal få strengare krav. Eg trur også at cruisenæringa vil innrette seg etter, for dei er nok interessert i å bli meir miljøvennlege, seier ordførar i cruisekommunen Aurland, Noralv Distad.

Ordførar Noralv Distad seier det er viktig element at dei ikkje skal brukast ope eksosvaskesystem i verdsarvfjordane.

– Dette vil få vekk synleg røykutslepp og det er i samsvar med det som Aurland kommunestyre har vedteke i ei fråsegn.

Det blir også foreslått eit forbod mot forbrenning av avfall om bord skip i verdsarvfjordane, noko som også vil vera med å redusera utsleppa av synleg røyk.