– Det er urettferdig at vi som bur i distrikta skal betale meir enn dei som bur rundt Oslo

FØRDE (NRK): Regjeringa vil ikkje løyve midlar til ei utjamning av nettleiga i forslaget til statsbudsjett. Urettferdig, meiner småbarnsforeldra Oddveig Dimmen og Sondre Bjørnstad.

Oddveig Dimmen, Brage Bjørnstad Dimmen, Sondre Bjørndstad

SMÅBARNSFAMILIE: Oddveig Dimmen (26), Brage Bjørnstad Dimmen (1) og Sondre Bjørnstad (28).

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Som nyetablert småbarnsfamilie på Rindal i Møre og Romsdal, opplever Oddveig Dimmen og Sondre Bjørnstad det som feil at dei skal betale meir i nettleige enn ein tilsvarande familie i til dømes Oslo.

– Det er urettferdig at vi som bur i distrikta og som produserer straum skal betale meir enn dei som bur rundt Oslo. Vi betalar meir i nettleige enn vi betalar for straumen.

I dag la regjeringa fram forslaget til statsbudsjett, utan meir midlar eller tiltak for å jamne ut nettleiga i Noreg.

Store skilnader

– Eg skjønnar prinsippet, at det bur fleire folk i Oslo som kan vere med på å betale. Men det er urettvist likevel, seier Bjørnstad.

– Eg trur det hadde vore dyrare her sjølv om det skulle vore Oslo som produserte straumen. Det er dumt at det skal vere dyrare å bu i distrikta, seier Dimmen.

I motsetnad til annan infrastruktur i Noreg, er det store regionale skilnadar på nettleige mellom regionane, og det rammar særleg distrikta. I Sogn og Fjordane, som produserer straum, er nettleiga mykje høgare enn i Oslo-området, som tek imot straumen.

Fleire tusen

For eitt år sidan fekk Oddveig Dimmen og Sondre Bjørnstad sonen Brage og flytta inn i eit hus som ein nyetablert familie.

Bjørnstad finn eit bilde på mobilen av straumrekninga frå juli. Det var månaden med lågast forbruk, samstundes som dei knapt var heime. Straumprisen var 247 kroner, medan nettleiga var 458 kroner, nesten dobbelt så mykje som dei betalte for straumen.

Ifølgje ei oversikt i enerwe.no har Lærdal Energi og Fitjar Kraftlag, begge kraftproduserande kommunar, den høgaste nettleiga i landet med høvesvis 53 og 52,9 øre per kWh.

Medan Skagerak Nett og Hafslund i Vestfold og Oslo er mellom dei rimelegaste med 22,6 og 23 øre per kWh.

– Skuffa

Stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF) reagerer på at regjeringa ikkje har gjort grep i statsbudsjettet som kan jamne ut skilnadane på kva folk i Sogn og Fjordane betalar mot kva folk i Oslo må betale.

Tore Storehaug

IKKJE NØGD: Stortingsrepresentant Tore Storehaug (KrF).

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Eit samla Storting har bede regjeringa legge fram ei sak om korleis nettleiga kan bli meir rettferdig. Men regjeringa skuffar oss. Dei har valt å gjere i det i samband med statsbudsjettet, og det dei gjer er å trenere og gøyme seg bak argument frå 2010 og 2014.

– Eg tykkjer det er skuffande at regjeringa ikkje klarer å komme med alternative modellar, men heller seier at dei ikkje ønsker noka utfordring mot dagens modell, seier Storehaug.

– Gir ikkje vesentleg reduksjon

Stortingsrepresentant Frida Melvær (H) stadfestar at regjeringa ikkje legg opp til ei ordning i statsbudsjettet for å jamne ut nettleiga.

– Vi har konkludert med at tilskot til utjamning ikkje fører til nokon vesentleg reduksjon for nettkundane. Det har vist seg siste åra, at det som har størst effekt for billigare nettleige, er å la selskap fusjonere.

Frida Melvær

–  FØRER IKKJE TIL VESENTLEG REDUKSJON: – Vi har konkludert med at tilskot til utjamning ikkje fører til nokon vesentleg reduksjon for nettkundane, seier stortingsrepresentant Frida Melvær (H).

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Dessutan har vi i Sogn og Fjordane fleire mindre energiselskap, eit sterkt offentleg eigarskap, mange arbeidsplassar og store verdiar knytt til dette. Prisen for den strukturen betalar vi i form av nettleiga vi har.