Hopp til innhold

I dag held han krisemøte for å berga fusjonen

SOGNDAL (NRK): Statssekretær Bjørn Haugstad prøver å unngå at striden rundt studentsamskipnadane i vest veltar høgskulefusjonen på oppløpssida.

Bjørn Haugstad

VESTLANDSHØGSKULENS FREMSTE FORKJEMPAR: – Kunnskapsdepartementet tek på alvor at Sogn og Fjordane er redde for å mista innflytelse over studentvelferden, seier statssekretær Bjørn Haugstad, som prøver å roa ned HiSF-styret, dagen før dei skal seia ja eller nei til ein fusjon med Bergen og Stord/Haugesund.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Kunnskapsdepartementet er veldig oppteken av å landa høgskulefusjonen på ein skikkeleg måte, seier statssekretær Bjørn Haugstad (H).

Vestlandshøgskulen sin kanskje ivrigaste forkjempar er uroleg for at striden rundt studentsamskipnadane i vest skal velta høgskulefusjonen, som kan bli vedteken i morgon.

Haugstad har difor kalla inn til krisemøte i dag. Til kontoret hans i Oslo kjem leiinga for høgskulane og studentsamskipnadane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund.

Bergen har trenert forhandlingar

– Det vil vere uryddig av meg å fortelja gjennom NRK kva eg har tenkt å be samskipnadane om, men det er avgjerande at ikkje berre éin, men alle tre samskipnadane opplever at prosessen har vore god og ryddig, seier Haugstad.

Men det gjer ikkje Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (Sisof), som tilbyr hyblar, kantiner og helsetenester til 3800 studentar i Sogndal og Førde.

Rasmus Stokke og Trond Ueland

UVISS FUSJONSAVGJERD: Høgskulerektor Rasmus Stokke (t.v.), styreleiar Trond Ueland og styremedlem Inger Auestad skal i morgon seia ja eller nei til ein fusjon med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Sisof har, etter det NRK kjenner til, prøvd å få storebror i Bergen med på forhandlingar, for å få klargjort kva makt og innverknad Sogn og Fjordane vil få etter ei samanslåing. Men det vil ikkje Studentsamskipnaden i Bergen (SiB).

SiB skal derimot ha sett fram krav om at sjefane og den strategiske makta i samskipnaden skal blir verande i Bergen. Dette har bekymra mange i Sogn og Fjordane.

– Me vil ha ein samskipnad-leiar i Sogn og Fjordane som har strategisk innverknad, og som kan påverka studentvelferda i Sogndal og Førde direkte, sa høgskulerektor Rasmus Stokke i går.

– Ein suksessfaktor

Det er uvisst om styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) seier ja eller nei til Vestlandshøgskulen i morgon.

For HiSF er studentvelferda så viktig for studentrekruttering og omdøme, at manglande forsikringar om studentsamskipnaden kan vera det som bikkar styrefleirtalet over til eit fusjons-nei.

Styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane

HØGSKULESTYRET: Frå venstre: Jan Olav Fretland, Kari Kjenndalen, Wenche Fjørtoft (personaldirektør), Rasmus Stokke (rektor), Trond Ueland (styreleiar), Inger Auestad, Magnus Nordrum Brøste, Trine Ludvigsen Rygg og Åse Neraas. Hans Johan Breidablik, Oddmund Hoel og Ole Kleiven er ikkje med på biletet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Studentsamskipnaden er ein viktig årsak til at studentmiljøet ved høgskulen er så godt. Det må høgskulestyret ta med inn i drøftingane torsdag, sa samanslåingsskeptikar og stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) i går.

Redningsaksjon for Vestlandshøgskulen

På møtet med statssekretær Haugstad i dag kjem høgskulen til å krevja at studentsamskipnaden i Bergen må gå inn i reelle forhandlingar med veslebror i Sogn og Fjordane, slik at fylket også i framtida har styring lokalt over hybeltilbodet og dei andre velferdstenestene. Skjer ikkje det, er frykta at studenttilbodet Sogndal og Førde blir nedprioritert på sikt.

Dersom forhandlingane skulle skjera seg, kan vidare åleinegang for Sisof vera aktuelt, slik høgskulen ser det.

Haugstad vil ikkje kommentera slike krav konkret, men kjem med ei generell forsikring:

– Departementet vil gjera det som er naudsynt for å unngå at dette sporar ein elles velbegrunna høgskulefusjon av.