Hopp til innhold

Fredar flyplassane – iallfall til etter valet

Regjeringa har ingen planar om å leggja ned flyplassar i Sogn og Fjordane – på kort sikt, seier statssekretær i Tom Cato Karlsen (Frp) i Samferdsledepartementet.

Tom Cato Karlsen og Widerøe-fly

Sjølv om Avinor i mai skal gi regjeringa råd om kva flyplassar som skal leggjast ned, har me ingen handfaste planar om kutt i nær framtid, seier statssekretær Tom Cato Karlsen (Frp)

Foto: Fotomontasje Scanpix

I starten av mai skal Avinor ta stilling til om det bør leggjast ned flyplassar i Sogn og Fjordane. Flyplassforkjemparane i fylket har ingenting å frykta - på kort sikt, ifølgje statssekretær i Tom Cato Karlsen (Frp) i Samferdsledepartementet.

Freding, men kor lenge?

- Regjeringa har ingen konkrete planar om å fjerna flyplassar i nær framtid, så det er framleis langt opp og fram sjølv om Avinor går gjennom flyplasstrukturen i landet, seier Karlsen.

Statssekretæren gjer med andre ord eit forsøk på å slå kaldt vatn i blodet på glopparar, gaulværingar og andre som ventar i otte på Avinor sin strukturrapport. Sjølv om det er uklart kva råd Avinor kjem med, skal utgreiinga seia noko om kor mange flyplassar me skal ha i fylket.

Redd nedleggingar

Sandane og Førde lufthamner blei av Avinor i vinter sagt å vere mest utsette. Det gjer ordførar Anders Ryssdal (Sp) i Gloppen uroleg:

Anders Ryssdal

FINSLIPER ARGUMENTA: Ordførar Anders Ryssdal (Sp) i Gloppen er redd for at Avinor vil føreslå å leggja ned Sandane lufthamn.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

- Trass i alle lokale fråsegner er eg redd for at Avinor føreslår nedleggingar. Det er fordi Avinor tidlegare har skissert eit scenario der Sandane luftham ikkje er med.

Vag om tidspunkt

Ryssdal og ordførarkollega Mathias Råheim i Gaular bur seg til flyplassdebatt. Medan dei finsliper argumenta, prøver regjeringa sin sendemann altså å dempa øsinga.

Men sjølv om statssekretær Karlsen forsikrar at regjeringa ikkje har handfaste planar om nedleggingar - på kort sikt, er han vag på kor lenge flyplassfredinga gjeld:

- Det er vanskeleg å seia. Me må sjå landet under eitt, og me må sjå på kva andre infrastrukturprosjekt som er i regionen. Difor vil dette ta tid og vil ikkje vera noko som me kjem til å gjera noko med i nær framtid.