Hopp til innhold

Dei har ikkje lenger unnskyldning for ikkje å skunda fram Vikafjellstunnelen, slik dei lova

Då Fylkestinget sa nei til tunnelarm til Framfjorden, fjerna dei eit viktig hinder for å skunda fram bygginga av Vikafjellstunnelen.

Hans Fr. Grøvan, Torill Eidsheim, Åse Michaelsen

STORTINGSFLEIRTALET KAN SKUNDA FRAM VISS DEI VIL: Hans Fredrik Grøvan (KrF, t.v.) lovar å halda vallovnadene frå 2013, Torill Eidsheim (H, midten) vil gjera sitt ytterste for ei raskast mogleg gjennomføring av Vikafjelltunnelen medan Åse Michaelsen (Frp) fyrst vil sjå prosjektet i samanheng med andre utbyggingsplanar i regionen før partiet konkluderer.

Foto: Montasje: NRK

– Ei heilt naudsynt avklaring, seier Hans Fredrik Grøvan, samferdslepolitisk talsperson i Kristeleg folkeparti.

– All avklaring som striglar eit vegprosjekt, tener sjølve prosjektet, seier Åse Michaelsen, samferdslepolitisk talsperson i Framstegspartiet.

Avklaringa vegpolitikarane på Stortinget snakkar om, er Fylkestinget sitt nei i førre veke til tunnelarm til Framfjorden, betalt med fylkeskommunale rassikringspengar. 1,2 milliardar kroner blei for dyrt.

Viktig avklaring

– Å avklara om arbeidet med Vikafjellstunnelen skulle halda fram med eller utan ein tunnelarm er heilt vesentleg, seier Torill Eidsheim, samferdslepolitisk talsperson i Høgre.

Vegen over Vikafjellet har i stor grad vore stengd denne vinteren. Ingenting har skjedd etter at Høgre før siste val lovde ny tunnel. Men i dag ville politikarane sjå høgfjellet med eigne auger. Det var ikkje heilt enkelt.

MØTTE STENGT FJELL: Stortingsrepresentant Torill Eidsheim (H) fekk sjølv merka det ugjestmilde Vikafjellet då ho vitja Sogn sist vinter. Fjernsynsreportasje, 15. april 2015

Vedtaket til Fylkestinget betyr at Eidsheim, Michaelsen og Grøvan ikkje lenger har unnskyldning for ikkje å halda det partia deira lova i 2013, å skunda fram byggjestarten for ein 15 kilometer lang tunnel gjennom det vêrutsette Vikafjellet.

Så langt har dette fleirtalet på Stortinget skubba den uavklarte tunnelarmen føre seg. Etter fylkestingsvedtaket er det opp til stortingspolitikarane sjølve å innfri vallovnadene.

Klare forventningar til eiga regjeringa

Då Stortinget vedtok Nasjonal transportplan (NTP) i 2013, fekk Vikafjellstunnelen 100 millionar kroner i oppstartspengar, men ikkje før i 2023.

– Regjeringspartia – som den gongen var i opposisjon – sa at bygginga måtte starta langt tidlegare. Difor har me store forventningar til ei framskunding i neste NTP som blir vedteken våren 2017, seier Noralv Distad, gruppeleiar for Høgre på Fylkestinget.

Noralv Distad Høgre fylkestinget

VIKAFJELLET SIN TUR: – Regjeringspartia må stå ved lovnadane om å skunda fram byggjestarten av Vikafjellstunnelen, seier Noralv Distad, gruppeleiar i Høgre på Fylkestinget.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det uavklarte spørsmålet om tunnelarm til Framfjorden har stoppa opp planlegginga av hovudtunnelen og arbeidet med reguleringsplanen for den sørlege tunnelmunningen på Hordaland-sida.

KrF er klare, H og Frp tek atterhald

Når no berre hovudtunnelen står att, som staten skal betala for, bør Regjeringa koma til Stortinget med ei sak som gir Statens vegvesen klarsignal til å prioritera planlegginga, meiner Grøvan:

– Me vil sjølvsagt stå på den lovnaden me gav veljarane.

Dåverande samferdslepolitisk talsperson i Høgre, Ingjerd Schou, sa i 2013 at byggjestarten skulle flyttast fram til før 2018. Etterfølgjar Eidsheim er vagare:

– Eksakt dato som den gongen blei lova, torer ikkje eg stå inne for, men det eg vil stå inne for er at me skal gjera vårt yttarste for at Vikafjellstunnelen får ein oppstart så tidleg som mogleg.

Hoksrud: 2014 eller 2015

Heller ikkje Michaelsen i Frp er like klar som det partifelle Bård Hoksrud var for to år sidan. Hoksrud, som blei statssekretær i Samferdsledepartementet etter 2013-valet, sa at Frp ville ha byggjestart i 2014 eller 2015.

Men òg Michaelsen har fått med seg at riksvegen over høgfjellet i midtre Sogn var stengt halvparten av dagane i sist vinter, og at også denne vinteren har starta med stengingar og kolonnekøyring.

– Behovet er utvilsamt, men me må sjå det i samanheng med andre utbyggingsplanar i regionen. Det er stortingsgruppa vår som må vedta om dette prosjektet skal skundast fram, men det er ingenting i dag som tilseier at det ikkje er mogleg, seier Michaelsen.