NRK Meny
Normal

Regjeringa følgjer demonstrasjonane tett

Fleire demonstrasjonar er varsla i dag. Regjeringa har tett kontakt med rumenske myndigheiter i samband med dei store demonstrasjonane mot ei norsk barnevernssak.

demonstrasjon i dublin mot barnevernet

PROTEST I DUBLIN: Ifølgje arrangøren var kring 600 menneske samla utanfor den norske ambassaden i demonstrasjon mot barnevernet.

Foto: Støttegruppa si Facebook-side/Daniel Catana

Då barnevernet tok dei fem barna frå foreldra som er sikta for å bruke vald i oppdraginga i den norsk-rumenske heimen i Sogn og Fjordane, sette det sinna i rumenske miljø og i pinsemeinigheiter verda rundt. Støttespelarane meiner Norge vil nekte borna ein kristen oppvekst.

Demonstrasjon mot barnevernet i London

BARNDOMSMORDERAR: Det er ein av bodskapane demonstrantane fremja over heile verda.

Foto: Støttegruppa si Facebook-side

Fredag var det store demonstrasjonar utanfor dei norske ambassadane i Washington D.C., Dublin, London, Barcelona og København. I London skal rundt 1200 menneske ha møtt opp, ifølgje arrangøren. I Washington var det truleg over 700 som deltok i demonstrasjonen, medan det Irland nesten var like mange.

Laurdag er det planlagt nye demonstrasjonar i landa Romania, Belgia, Tyskland, Canada, Italia og Nederland. Og slik held støttespelarane det gåande ut januar.

Kontakt med rumenske myndigheiter

Regjeringa følgjer situasjonen nøye, og jobbar med å få ut informasjon om det norske barnevernet til både media og myndigheiter i andre land.

– Når det gjeld denne saka har det vore utstrekt møteverksemd mellom den norske ambassaden i Bucuresti og rumenske myndigheiter, både på politisk nivå og embetsnivå, seier Kai-Morten Terning (Frp), statssekretær i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Demonstrasjon mot barnvernet i London

LONDON: Minst 1200 menneske i London synte fredag kva dei meinte om det norske barnevernet.

Foto: Støttegruppa si Facebook-side

Statssekretæren seier det viktigaste for regjeringa no blir å få fram korleis det norske barnevernet jobbar.

– Vi må få fram at dette er enkeltsaker som først blir handtert i fylkesnemndene og vidare i det norske rettsstellet der foreldra, om dei ønskjer, får tilgang på fri rettshjelp, og at dette ikkje er saker som norske myndigheiter går inn ifrå nasjonalt nivå.

Sterkt press på norske myndigheiter

Kai-Morten Terning (Frp)
Foto: Moment Studio

Terning vil ikkje seie kva han meiner om protestane, men han er kjend med at barnevernstenesta i ein del kommunar har opplevd stort press på seg i ein del saker. Men om det er større engasjement rundt denne saka enn ved tidlegare saker veit han ikkje.

– Vi veit at slike saker vekkjer mykje engasjement, og det har vi forståing for. Då er det viktig at norske myndigheiter, i godt samarbeid med våre ambassadar, informerer om det norske barnevernetog kva rettsvern foreldra som opplever å miste omsorgsretten har, seier Terning.

Barnevern-demonstrasjon i Washington DC

WASHINGTON: I USA sin hovudstad skal over 700 menneske ha møtt opp for å støtte familien frå Sogn og Fjordane.

Foto: Credo-TV

Regjeringa har, ifølgje statssekretæren, utarbeidd retningslinjer for korleis kommunar, fylkesmenn og andre skal handtere slikt press.

– Vi har også vedteke ein konvensjon som gjer at vi kan ha betre samarbeid på overordna nivå med myndigheitene i andre land. Der er det også slik at viss barna har ei sterk tilknyting til eit anna land, og det er til barnets beste, kan heile saka flyttast til myndigheitene i det landet og få omsorg der.

Irland - demonstrasjon mot barnevernet i Norge

STORT PRESS: Demonstrantar både i Dublin og andre stader i verda har lagt eit enormt press på ambassadane også i tida før demonstrasjonane fredag.

Foto: Støttegruppa si Facebook-side
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.